Fitjarbønder lærer HMS

Fitjar bondelag har gjennomført eit kurs i praktisk HMS-arbeid no i februar i samarbeid med BSF-Hordaland (Bygdefolkets studieforbund). Det var tilsaman 16 deltakarar på kurset. Det gjekk over 12 timar. Første delen var samla undervisning med lærar. Det var HMS-rådgjevar Brit Jorunn Liland frå Voss som var lærar.

Vidare var det ein del med e-læring på internett. Nokre av deltakarane samarbeidde også om den delen. Mange ulike tema vart gjennomgått. Det kan nemnast ulykkesrisiko, ergonomi, brann- og el.sikkerhet, kjemisk og biologisk arbeidsmiljø, støy, psykisk helse, arbeidgjevaransvar, andre næringar, opplæring, og tiltak og rutinar.

For å få kompetansebeviset måtte deltakarane gjennomføra ein test etter gjennomgått e-læringsdel og få godkjent resultatet på den testen. Førebels er det ikkje noko krav til bøndene om å ha eit slikt bevis, men det kan nok komma seinare.

Siste delen av kurset var ein praktisk gjennomgang på eit gardsbruk der alle deltakarane saman med rådgjevaren såg på kva som var godt og mindre godt sett med ”HMS-augo”. Denne delen av kurset vart avvikla sist onsdag, 27. feb, hos Lars Ove Rimmereid.

Bileta er henta frå den dagen. Heile kursopplegget er utarbeidd av Landbrukets HMS-teneste.