Handballskule i Fitjar

Tysdag og onsdag i vinterferien har over 50 gutar og jenter i alderen 7-12 år vore på handballskule i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Blant instruktørane fann me Stord-spelar, og trenar for damelaget til Fitjar, Berit Siglen, og nyvalt leiar for handballgruppa i Fitjar IL, Anne Sissel Engevik.

Handballgruppa er svært godt nøgd med oppslutninga, 32 ungar i alderen 7-9 år og 22 i alderen 10-12 år. Positivt er det òg at om lag ein tredel av deltakarane er gutar. Det lovar godt for framtida; det har vore vanskeleg dei siste åra å stilla lag i guteklassen. I år har Fitjar IL berre eitt lag med i serien, i 11-årsklassen. 

Handballgruppa håper at arrangementet er med og aukar interessa for handball og betrar rekrutteringa. Alle som er gamle nok, dvs. fyller 9 år i år, vil få invitasjon til å vera med på handballfestivalen på Stord i pinsehelga. Dette gjeld og dei som ikkje har vore med på organisert handball i Fitjar tidlegare. For dei yngste som var med på handballskulen i år, gjeld det å smørja seg med litt tolmod. Til neste år fyller dei 9 år, og då kan dei vera med på minihandball.  

I pausen begge dagar har det blitt servert lunsj frå SPAR Odd Larsen AS. Eldsjeler og styremedlemmer i handballgruppa har stått for serveringa. Også ordførar Harald Rydland har vore med og kasta glans over matøktene.  

Instruktør, og leiar i handballgruppa, Anne Sissel Engevik, kan ikkje få fullrost ungane og dei vaksne som har vore med og gjort arrangementet til ein suksess. Stemninga har vore på topp begge dagar.  Ho takkar dagleg leiar Elise Aarbø i kultur- og idrettsbygget for godt samarbeid. Ho takkar og dei andre sponsorane. Alle deltakarane fekk kvar si T-skjorte frå Vest Elektro, og som avslutning fekk alle kvar sin handball frå Sparebanken Vest.