Storhogst på Skumsnes

Den lokale entreprenøren "Skumsnes skog og landbruksservice" har kjøpt seg hogstmaskin og lassberar, og er no i gang med hogging i Øyoro, på Skumsnes. I alt skal 600 - 700 kubikkmeter takast ned.

Eigarane av feltet er  Oddbjørg og Reidar Gloppen, og karane bak "Skumsnes skog og landbruksservice" er Ingolf og Kristian Skumsnes.

Kristian Skumsnes fortel at mesteparten av trea er vanleg norsk gran, ispedd noko sidkagran. For det meste har "Skumsnes skog og landbruksservice" jobba i Austevoll, men dei tek også oppdrag i Fitjar.