Ny blomeforretning med kunstkrok

Solveig Thomassen får oppfylt ein draum, og Fitjar får ny blomeforretning. 1. februar opnar  "Blomestova" der "Solblomsten" for tida har opphørssal.

For Solveig er dette noko ho lenge har hatt lyst til å gjere, og no når "Solblomsten" sular inn etter mange gode tilbod til Fitjarfolket, ser Solveig Thomassen det som ei anledning til å få oppfylt draumen sin.

-Eg gler meg til dette. Rett nok skal eg vere på Fitjar Vidaregåande to dagar i veka fortsett, men då steppar Elin Korneliussen inn og hjelper meg, smiler ho og fortel at ho òg vil ha ein liten kunstkrok i forretninga, der lokale kunstnarar får høve til å stilla ut, både skulptur og måleri.

Litt forandringar i forretninga elles, vil det òg bli. Lisbeth er Lisbeth, og eg er meg. Me er jo litt forskjellige, så butikken blir nok ikkje heilt slik han var, får me vite.

Opningstidene vert òg endra, slik at det no blir lenger ope enn før.

-Eg ønskjer å ha dei same opningstidene som MX-sport og jernvarebutikken til Larsen, seier Solveig Thomassen, til slutt.

Takk til "Solblomsten"! Lukke til med "Blomestova"!