Næringsprisen til J. Fjeldtvedt AS

Fitjar kommune sin næringslivpris for 2007 er tildelt J. Fjeldtvedt AS ved dagleg leiar Espen Fjeldtvedt.

I grunngjevinga for prisen uttaler formannskapet at firmaet framstår som ei topp moderne bedrift, som konkurrerer i ein marknad som krev høg kvalitet på produkta.
Det er òg svært positivt for Fitjar kommune at mange nye arbeidsplassar er skapte, ikkje minst at det er mange kvinnelege arbeidsplassar i firmaet.

J. Fjeldtvedt AS har det siste året gjennomført ei storstilt utbygging og modernisering for rundt 16 millionar kroner. Dei nye lokala vart opna av ordførar Harald Rydland 30. november i år.