Jubilantar og nye pensjonistar

Takk for lang og tru teneste av kommunale tilsette vart i dag markert med fest for dei som har vore i teneste i Fitjar kommune i 25 år, og for dei som no går eller har gått over i pensjonistane sine rekkjer i det siste. Det heile vart feira med middag og dessert på Fitjar fjordhotell med mellom anna ordførar og rådmann til stades. Ordførar Harald Rydland la peika på truskapen som ligg bak så mange år i teneste for same arbeidsgjevar, og rådmann Atle Tornes supplerte med å seie at når ein er så lenge i same jobb, er det eit teikn på at ein har trivst godt på arbeidsplassen sin.