Mange smakte Martin sin tapas

-Deilig! -Spennande!
Slik lød kommentarane då Martin Nysæther lokka med prøvesmaking på tapas hos Spar på Fitjar i dag.

To av dei som smakte var Bjørg Lise Vestbøstad og Alf Helge Westvik. Bjørg Lise er vel kjend med Tapas frå før, og let svært vel over det ho fekk smaka.
Alf Helge likeeins. -Mellom anna likar han svært godt focaccia-brødet, som han òg et mykje av i Nordsjøen.

Martin som no jobbar i "Universal Sodexho", eit av dei største cateringfirma i verda, fortel til Fitjarposten.no at Tapas oppstod på den måten at ein kokk ein gang i verda, la ei brødskive oppå eit vinglas, så det ikkje skulle koma floger i glaset. Så opplevde han at folk åt denne brødskiva, og kom då på at han kunne utvikla dette vidare ved å leggje spekekjøt på skiva. Slik utvikla det seg vidare med mange smårettar, som er spennande, men som ikkje nødvendigvis treng å passe saman.

Typiske Tapas-smårettar kan til dømes vere: Marinerte oliven, grillspyd med marinert svinekjøt, spanske kjøtbollar i pikant tomatsaus, bacondadlar, tortillas, lefser fylt med kremost og røykelaks... og mykje, mykje meir.