Den store dekkskiftedagen

Me har allereie opplevd den første frostnatta i haust. Er du ikkje klar med vinterdekka, kan du få gjort det i morgon. Då slår bensinstasjonen på Fitjar  til med den store dekkskiftedagen.

-Me er i alle fall klare. Prøver oss med eit drop`in-opplegg laurdag mellom klokka 10 og 14, der me skiftar dekk til så mange som mogeleg for rimeleg pris, seier Eivind og Paul ved JKS til Fitjarposten.