-Vil purra dei ansvarlege

Ordførar Harald Rydland skjønar godt at folk i Dåfjorden klagar på vatnet, og har allereie gjort framstøt for å få fortgang i saka.

-For det første vil eg beklaga at kommunen ikkje har vore i stand til å skaffa vatn av god nok kvalitet til abonnentane i Dåfjorden. No er eg likevel glad for at folket her snart får levert vatn frå Svartavatnet. Dette vatnet held ein kvalitet som er på høgde med det beste i landet.

Årsaka til at det nye vassverket ikkje er kopla til, er at eit utanforståande firma som skal sveisa saman dei siste leidningane, ikkje har gjort jobben til den tida dei har lova.  Kommunen og den lokale entreprenøren er à jour med det dei har ansvar for, seier ordføraren til Fitjarposten.no, og fortel at han i dag har  snakka med kommunen sine folk i vassverket, og desse vil no purra på for å få fortgang i arbeidet. Når det siste sveisearbeidet er gjennomført, skal leidningane spylast reine og deretter er det klart for å levera vatn.I fylgje vassverket kan det ikkje gå meir enn to veker før dette er i orden, heiter det.

Det er òg tekne nye vassprøvar i dag.  Dersom desse seier at vatnet bør kokast, kjem det ut melding om dette. 

-Elles har eg lyst til å vera med å feira det nye vassverket saman med folket i Dåfjorden.  Eg håpar me i saman kan få til ein folkefest for å markera denne viktige hendinga.  Litt spøkefullt kan eg då, utan å ha sjekka budsjettet, lova at kommunen kan halda drikke (vatn), så får me komma tilbake til maten, seier Harald Rydland, til slutt