Flott start for ny frisør

Duo, heiter den nye frisørbutikken i Fitjar sentrum. Og dei to innehavarane, Trude Strand og Elin Kvia, er godt nøgd med starten.

-Ja, me vil gjerne få takke for super støtte no i starten. Det har vore mange kundar, og kjempekjekt å starta for oss sjølve. Dette er noko me alltid har hatt lyst til, seier dei to til Fitjarposten.no - i nyoppussa lokale der Linda Frisør var tidlegare.

-Kva kan de tilby?

-Både herre- og dameklypp, farge, napping av bryn, permanent og hol i øyra, kjem det kjapt før dei legg til: -Sjølvsagt brudepynting òg.

Forretninga har desse opningstidene:

Måndag og fredag: 9 - 16
Tysdag-onsdag-torsdag: 9 -18
Laurdag: 10 -14