Skroget er blitt til supplyskip

Skroget som Fitjar Mek. Har hatt under bygging i Vyborg i Russland er no blitt til eit supplyskip som har fått namnet Scandi Texel, Bergen. I dag, torsdag 9. mars, var overbygget løfta på plass.

SupplyskipSkroget som Fitjar Mek. har hatt under bygging i Vyborg i Russland er no blitt til eit supplyskip som har fått namnet Scandi Texel, Bergen. I dag, torsdag 9. mars, var overbygget løfta på plass. Ein operasjon som gjekk heilt etter planen. Skroget som vart slept i frå Vyborg hadde fekk ein ekstra oppleving då det måtte isbrytar til for at det skulle koma fram.

-Overbygget veg 250 tonn er er ferdig innreia med ventilasjon, lys, pultar og golvbelegg - og anna som skal til. Men mykje skal framleis koplast saman mellom styrehuset og båten; kabel skal strekkjast og prøvekøyring utførast - før skipet er endeleg klar for levering i mai, fortel dagleg leiar Tore Vik til Fitjarposten.