Fortsett drift ved Fitjar Mek

Nærast på overtid vart det funne ei løysing for Fitjar Mekaniske Verksted AS, og styreformann Helge Møgster kunne kl. 10.00 i dag fortelje dei tilsette at no er det berre å krumma ryggen og jobbe vidare.

Innsprøyting av  ny, frisk kapital på 40-50 millionar frå eigarane si side, og gode avtalar med framtidige kontraktørar, gjorde at saka fekk ei lukkeleg utgang for verftet i Fitjar.

-Alle som har rettmessige krav i selskapet vil òg få utbetalt det dei har uteståande, legg Møgster til.

Tore Vik fortset i selskapet som prosjektleiar, medan Hugo Strand tek over som ny dagleg leiar på måndag. 

Ordførar Agnar Aarskog seier seg svært nøgd med at Fitjar Mek. kan fortsetje, og gjev honnør både til Helge Møgster og Tore Vik for at dei verkeleg har stått på for å finne ei løysing på denne saka.

Som på Fitjar Mekaniske gjekk også flagget til topps foran Rådhuset i dag, og det var mykje glede å møte i samtale med ein god del fitjarbuar me snakka om saka med i dag.