Allmannamøte i morgon

Tidlegare i dag såg det mørkt ut for Fitjar Mek, og konkursen låg i lufta. No i ettermiddag meiner styreformann Helge Møgster at det er kome eit lys i tunnelen.

Alle dei tilsette ved verftet er innkalla til eit allmannamøte i morgon, onsdag, klokka 10.00. Då vil både dei, og me, få vite kva som vidare skjer.