Nye refleksar frå SIM

Sunnhordland Interkommunale Miljøverk (SIM) tilbyr innbyggjarane i kommunane Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes gratis refleksstriper til å klistra på bosdunkane. Refleksane er meint å gjera dunkane godt synlege på tømmeplassen i haust- og vintermørkret.

Refleksane kan fåast på SIM sine miljøsentralar, eller bestillast på e-postadressa Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Så lenge opplaget rekk, vil kvar abonnent få seks refleksstriper; to til kvar bosdunk.

SIM prøvde ut refleksane sist vinter, for å sjå om dei tålte hardt vêr og røff behandling. Tilbakemeldingane var gode. Dermed bestilte avfallsselskapet nytt og større opplag.

Refleksane skal plasserast rundt hjørnene på bosdunkane, oppe under loket. SIM minner om at dunkane etter forskrifta ikkje skal plasserast i vegen, og at det er abonnenten sitt ansvar å dra dei heim etter tømming.

Torleif Agdestein, SIM