Ei brikke til må på plass

Det vert framleis jobba hardt for å få ei avklaring for kva som skal skje med Fijar Mekaniske. -Men det er ei brikke til som må på plass før ein kan seie noko meir, seier dagleg leiar Tore Vik til Fitjarposten.no Men å seie noko om når denne brikka vil falle på plass, kan han ikkje uttala seg eksakt om. -Saka ligg ikkje i mine hender, men eg tvilar litt på at ein kjem fram til noko svar i dag, seier Vik, som slett ikkje er utan ei viss optimisme. -Fell denne brikka på plass vil me kunne driva vidare, fortel han.