-Ikkje godt nok fokus

Av ein del avisoppslag kan ein få inntrykk av at det er dårleg leiing ved Fitjar Mek. som er årsaka til den trasige situasjonen verftet er komen opp i. -Det er ikkje heile sanninga, opplyser styreformann Helge Møgster.

-Det må ikkje oppfattast slik at skulda for det som har skjedd ligg hos Fitjar Mek. åleine. Alt som er gjort er godkjend av styret, og me må ta vår del av ansvaret for at det gjekk som det gjekk. Me hadde rett og slett ikkje godt nok fokus, og det er leit det som har skjedd. Prosjekta blei rett og slett for store for eit så lite verft, seier styreformann Helge Møgster til Fitjarposten.no.

-Endeleg avklaring på kva som skjer vidare, vil me truleg få på fredag, seier Møgster i dag.