Ønskjer velkomen til Varehuset Rydland

Knut L. Rydland AS har fått nye eigarar. Frå første mars starta Unn Vigdis Skåtun og Karsten Vestbøstad opp firmaet Varehuset Knut Rydland AS, som nok vil koma til å heite Varehuset Rydland i daglegtale.

Dei nye eigarane er midt i ei oppussingstid, men vil etterkvart satsa meir på belysning og småmøblar i tillegg til at dei opprettheld varesortimentet forretninga har hatt til no. Så som kvitevarer, brunevarer, småapparat, telematikk, møblar og gåver.

- Dette er ein måte å sikra jobbane våre på, seier dei to tidlegare tilsette hos Knut L. Rydland AS, som no er blitt bedriftseigarar.

- Men me har hatt ein runde med revisor som meiner at forretninga er liv laga ut i frå omsetnaden i fjor, og dessutan likar me svært godt å stå i butikk og på den måten stå til teneste for folk, seier dei to som svar på kvifor dei tok over, når dei fekk tilbod om det.