Porselensbrudepar

Lærdom

Å elska er å vera stille
nesten heile tida
og ha varme hender.

Å elska er ikkje å vakta,
men å sjå ein annan veg til rett tid.

Snakk ikkje om ekstasen når du meiner kjærleiken.
Dei bur på kvar sin stad og møteste sjeldan.

Snakk heller om å gå til fots gjennom ti tusen kvardagar
og aldri halda opp med å vera den rette.

Å elska er å tenna lys
og tørka tårer, natt og dag.

Alf Sæter

Kjære Anne-Kristin og Harald!
Hjarteleg til lukka med 20-års bryllaupsdag!
Gratulasjonsklemmar frå forlovar Helga