Fitjar Musikklag

Fitjar Musikklag er eit aktivt brassband som har medlemer i alle aldersgrupper. Så  spelar du eit  messinginstrument, er berre å hiva seg på.

 

vart skipa 19. august 1949 og har 60 års jubileum i år (2009).
Det vert jubileumskonsert i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg –Kultursalen  i slutten av oktober 09.
(24. eller 25. oktober).

Leiar i Fitjar Musikklag er Kitty Træet. Mail addresse; Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Me har øving på Losjehuset kvar torsdag kl. 19.30-22.00. Pr i dag er det 26 musikanter med, men  me er stadig på utkikk etter nye medlemmar. Det vil seia medlemar som har vore med tidlegare og nye.

Musikantar frå Fitjar Skulekorps kan verta med i Musikklaget frå dei byrjar i 9.klassen.
No er aldersspreiinga i Musikklaget heilt i frå 14 år og opp til 72 år.

I løpet av eit musikkår prøver me å ha 1 stor konsert i halvåret. Dei siste 7 åra har me delteke i SIDDIS BRASS i november. SIDDIS BRASS er ein korpskonkurranse med 51 korps fordelt på elite, 1.,2.og 3. divisjon. Me i Fitjar Musikklag har delteke i 3.divisjon med litt vekslande resultat. Det beste me har oppnådd er 4. plass.

Om våren har me lagt opp til at me skal ha ein litt større konsert her i heimbygda. Det er viktig å visa seg i bygda slik at folk får muligheten til å oppleva konserter i ulike varianter. I 2008 hadde me ein konsert der me presenterte ”Andew Lloyd Webber ” med Rannveig Hagen Leseth og Tom Rydland som solistar. Det var ei fantastisk oppleving for både musikantar og publikum.

I år hadde me nok ein stor konsert. Denne gongen presenterte me VAMP og Irsk musikk,og hadde med oss Tom Rydland og Ole Andre Westerheim. Igjen har me fått vore ein del av ei flott musikalsk oppleving. Det er veldig kjekt å arrangera konserter når ein nesten klarar å fylla Kultursalen med publikum, og får udelt positive tilbakemeldingar. Det oppmuntrer og inspirerer til vidare satsing på heimebane.

Me ynskjer gamle og nye medlemar velkomen til Fitjar Musikklag. Har du lyst å vera ein del av kulturen i Fitjar, ha det sosialt og i tillegg få positive musikalske opplevingar, er du hjartleg velkomen til oss.

Ta kontakt med Kitty på mob 913 47 803