Førebur musikalkonsert

Fitjar skulekorps og dansarar frå kulturskulen førebur seg i desse dagar til storstilt musikal-konsert i Fitjar kultur- og idrettsbygg, og trur det vil bli ei flott oppleving for både dei sjølv og for publikum.

Tema for konserten er Musikalar, og publikum vil få høyra mange kjende songar frå pupulære og kjende musikalar, som Cats, Annie, Sound of Music, We will rock you, Les Misèrables og Mamma Mia med fleire. 

Ein legg opp til eit storstilt opplegg der ein vil få oppleva meir enn berre flott korpsmusikk. 29 dansarar frå kulturskulen skal vera med, blant anna som dansande kattar. Det vert song ved Ingvild Prestbø, Silje Rydland, Edith Helland, Thea Træet og Ole Rimmereid Rørvik, og pianospel ved Guro Rimmereid. Pianist og songsolistar er alle henta frå korpset sine eigne rekkjer. Til å binda konserten saman har korpset fått tak i Ole Andrè Westerheim og Sissel Jørgensen.

Men viktigast av alt er dei 40 musikantane i Fitjar skulekorps. Det er dei som skal bæra konserten og det eg fekk høyar av dei under øvinga måndag denne veka lovar godt. Dei er alle dyktige musikantar på kvar sin plass, det lyser lang veg at dei kosar seg på scenen og dei spelar verkeleg musikk som det svingar av og som ein blir glad av. Dei 8 aspirantane, som tidlegar har vore solistar saman med korpset, skal denne gongen spela både åleine og dei skal for første gong ha plass blandt musikantane i hovudkorpset og spela saman med dei på eit par nummer. 

Musikantane Oda, Vegard, Silje og Jacob meiner dette kjem til å bli ein veldig kjekk konsert som passar for alle i heile bygda. Ja, det blir mange kjende og kjekke songar og høgdepunkta kjem til å stå i kø, meiner dei unge musikarane. Programmet er langt og rikhalding og det er derfor lagt inn ein pause med enkel bevertning mellom første og andre avdeling.

Enno gjennstår det ein del øving, før alt set heilt som spikra. Men kjenner eg korpset rett, og ut frå det eg høyrde tidleg i veka, så er eg ikkje i tvil om dei er i rute og at alt kjem til å sitta som det skal når dei inntek scenen i kultursalen søndag ettermiddag. Både dirigent Svein Roger Koppang, musikantane og dansarane håpar på fullsett sal. Dei meiner dei er flinke og fortener eit stort publikum, og det har dei sanneleg rett i.

Billettar kan ein anten kjøpe på førehand hos Larsen Multihandel, eller i døra like før konserten. 
Annonse for konserten finn ein til høgre her på fitjarposten.no .

 

 

 

/p