Rev frå Fitjar i Stord kulturhus

Brukarvurdering: 1 / 5

Sjerne aktivStjerne inaktivStjerne inaktivStjerne inaktivStjerne inaktiv
 

Fitjarjenta Inger Muri Slettebø (15) spelte syngjande og dansande rev i Stord teaterlag si Pinocchio-framsyning i kulturhuset på Stord.

Teaterstykket om den levande tredokka Pinocchio er skrive av Runar Borge og baserer seg på boka til Carlo Collodi. Framsyninga, som vart satt opp av Stord teaterlag si barne- og ungdomsgruppe, gjekk for fullt hus heile fire gongar i februar.

Dette var den fjerde teaterframsyninga 15 år gamle Inger Murid Slettebø frå Fitjar var med på. Inger, som går i 10. klasse ved Rimbareid skule, er den einaste frå Fitjar i teatergruppa på Stord. Ho stortrivs på scenen og var denne gongen ein flott, listig og slu rev som saman med dei andre revane og kattane lurde pengar frå stakkars, godtruande Pinocchio.

På scena får Inger brukt både sine evner som skodespelar, dansar og songar, og alt meistrar ho glimrande! 

Kopi av 20140211 teater HR2

Deler av ensemblet etter siste framsyning. Inger, som rev,  litt til venstre for midten. Foto: Helga Rimmereid