Torsdag 26. April 2018


Takk og glede

Kyrkjelyden sin årsfest søndag ettermiddag var prega av glede og takk, for livet i Herren, for trufaste arbeidarar, for nye medarbeidarar og for eit stort flott kakebord. 

Diktlesing av Sigrid Fangel, flott song av Silje Rydland, gledestale ved prost Svein Arne Teodorsen, glade småbarnstreffungar, gledessong ved Osternes mannskor og allsong frå den nye salmeboka satte den store festlyden på omkring 170 små og store kyrkjelydsmedlemmer i den rette feststemninga, før dei stilte seg i lang, lang kø for å smaka på alle dei gode festkakene som var bragt til huset. 

Etter at kakebordet var skrapt og ungane var blitt høge på sukker var det duka for humoristisk innslag, meir song og ikkje minst tid for å heidra gode arbeidarar som no har slutta etter lang, trufast teneste for kyrkja. Harald Johan Sandvik har hatt stillinga som kyrkjeverge i 17 år og fekk takk frå både prost, prest og fellesrådsleiar. Sandvik har og vore klokkar i mange år. Endre Inge Stokken har etter heile 27 års trufast teneste som kyrkjetenar no gått over i pensjonistens rekkjer: Rasmus Fitjar som Stokken overtok stillinga etter og som no er fellesrådsleiar, takka Endre Inge for den gode og trufaste jobben han har gjort med å halda kyrkjegarden og kyrkja i stand i så mange år.  

Dei nye arbeidarane Harald Rydland (kyrkjeverge), Kristian Skumsnes (kyrkjegardsarbeidar), Birgitte Drønen Brenne (kyrkjetenar) og Vigdis Orre Olsen (frivillig kontormedarbeidar ein dag i veka) vart ynskt velkomen og synt fram for festlyden. 

20140202 kyrkjelyden sin aarsfest HR11

Småbarnsglede.
Foto: Rune Longfjeld Rimmereid

20140202 silje Foto HR

Silje song om Guds godhet som har satt så djupe spor.
Foto: Helga Rimmereid

20140202 kyrkjelyden sin aarsfest HR12

Gled dykk i Herren! oppmoda prost Svein Arne Teodorsen. 
Foto: Helga Rimmereid

20140202 kyrkjelyden sin aarsfest HR13

Songglede frå Osternes mannskor. 
Foto: Helga Rimmereid

20140202 kyrkjelyden sin aarsfest HR14

Kakeglede!
Foto: Helga Rimmereid

Releasekonsert med Ole André Westerheim

25.04.2018 Kjetil Rydland

Ole André Westerheim med den nye plata si, «Utanfor alt». Foto: Kjetil Rydland.  Releasekonsert med Ole André Westerheim Førstkomande laurdag blir det konsert med Ole André Westerheim på Arena på Stord. Med på...

Les meir ...

«Flaggskifte» på Fitjar rådhus i dag

25.04.2018 Harald Johan Sandvik

«Flaggskifte» på Fitjar rådhus i dag Atle Tornes overrekte kommunen sitt stempel til Olaug Haugen.

Les meir ...

Takk for maten!

25.04.2018 Kjetil Rydland

Eva Fjeldstad med "Takk for maten! Boka som tarmen din har ventet på".  Takk for maten! Førstkomande fredag vil Eva Fjeldstad halda foredrag i Fitjar kultur- og idrettsbygg om boka si, “Takk...

Les meir ...
annonse

Kulturskulekonsert på Rimbareid skule

25.04.2018 Kjetil Rydland

Populære lærarar i Fitjar kulturskule, f.v. Ole André Westerheim, rektor Håvard Kroka, Jone Foldøy Grutle og Rune Nesse. Foto: Kjetil Rydland.  Kulturskulekonsert på Rimbareid skule Ein stor del av ungdommane i Fitjar...

Les meir ...

Slaktar informasjonstryggleiken i Fitjar…

25.04.2018 Jonas Sætre

Slaktar informasjonstryggleiken i Fitjar kommune Ein revisjon frå Deloitte syner at Fitjar kommune har store manglar i måten dei handsamar sensitive personopplysningar på.

Les meir ...

Bremnesingane var litt for sterke

24.04.2018 Kjetil Rydland

Jens Ragnar Helland scora det einaste målet for Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.  Bremnesingane var litt for sterke Bremnes 2 vann 4-1 over Fitjar i ein kamp i 13-årsklassen på kunstgraset vårt i...

Les meir ...
annonse

– Stress er ikkje farleg!

26.04.2018 Kjetil Rydland

Her trødde Bjarte Stubhaug sine barnesko, i vår er han tilbake med stressmeistring for elevane på Rimbareid skule. Foto: Kjetil Rydland. – Stress er ikkje farleg! Rimbareid skule har dette semesteret hatt...

Les meir ...
annonse