Fire frå Fitjar vidare i UKM

Både Silje, Ingrid, Morten og Tor Håkon gjekk vidare til fylkesmønstringa under Ungdomens kulturmønstring i Stord kulturhus i ettermiddag.

Silje Rydland og Ingrid Skår Bergesen song duett, akkompagnert av Silje på piano. Dei framførde popsongen Say something. Som alltid stødig framført av to stemmer som kler kvarandre godt.

Tor Håkon Aarbø, som med sine 11 år var ein av dei yngste deltakarane, framførde det klassise Bethoven-stykket Til Elise. Tor Håkon har spelt piano i 4 1/2 år og framførde den lange versjon av Til Elise, flott og sikkert.

Morten Korsvik, som leia kulturmønstringa saman med Torstein Træet, deltok i mønstringa som konferansier, og fekk billett til fylkesmønstringa i Bergen etter den jobben.

I tillegg deltok Stina Vik og Emilie Helland med svært fine kunstverk, som me og gjerne skulle sett vidare i mønstringa. Stina stilte med eit flott måleri med namnet Steinrøys og Emilie deltok med eit tilsvarande måleri kalla Steinmur, i tillegg til to bilete "Frå kull til acryl" som var same motiv teikna med kol og malt med acryl-maling.

Kulturssjef i Fitjar Bente Bjelland seier seg godt nøgd med arrangementet som gjekk fint og problemfritt, og skryt av Fitjar ungdomsråd som gjorde ein strålande innsats på arrangørsida.