'Gutta' gjekk for fire fulle hus

Med nostalgi, alvor, humor og stor musikalitet har Osternes mannskor fylt storstova i Fitjar kulturhus til randa heile fire gongar denne vinteren. 

Med sin suksessrike kabaret "Så lenge gutta kan gå. Ønskekonserten slik han ein gong var." har mannskoret måtta setta opp ekstra-framsyning etter ekstra-framsyning. Med to førestellingar før jul og to etter jul, der dei måtte inn med ekstra stolar i kultursalen, har omkring 1300 fått med seg dei godt vaksne gutane i flott musikalsk utfalding. Med seg på oppsettingane har dei og hatt Ann Sofie Drønen og Gurid Refvik, som begge har gjort ein strålande jobb saman med mannskoret.

Ryktet om kabaret-suksessen har spreidd seg og folk kom frå både Stord, Bømlo, Tysnes og Sveio for å få med seg ekstraframsyningane. Og kormedlemmene kunne vel smila breitt og ta imot nok ein ståande applaus laurdag kveld. Men det krev sin mann å vera med i mannskoret og dei har ikkje tid til å kvila på laurbæra. Før publikum var ute av huset etter siste framsyning, var dei i full sving med å rigga ned utstyr og rekvisittar og så bar det rett heim og vaska finskjorta før den skal på att søndag ettermiddag. Då skal dei syngja på kyrkjelyden sin årsfest. Så skal dei syngja i bryllaup, på konsert på Stord, på vårkonsert på Fitjar og under 17. mai-feiringa på Fitjar. Og til hausten vert det 80-års jubileumsfest og jubileumskonsert, fortel leiar for koret Karvel Strømme.

Ole Christian Ottestad, som både er dirigent i koret og som stod for koreografien på førestellinga synes det er svært kjekt å syna at koret kan langt meir enn å stå rett opp og ned og synga "alvorlege" songar, sjølv om dei og gjerne gjer det. Om dette var siste framsyning av Ønskekonserten gjenstår å sjå. Dei forventar det ikkje, men om nokon inivterer koret til å ta med seg kabareten sin til ein annan stad, ser ikkje Strømme vekk frå at dei er klare for meir ynskjekonsert.

- Men aller viktigast er det å sei at me er svært opne for nye medlemmer. Alle menn som har lyst å synga i kor er hjarteleg velkomne som songarar i Osternes mannskor, avslutta leiaren før han sprang vidare for å rigga ned meir utstyr.

Fitjarposten skreiv fyldig omtale av kabareten då den hadde premiere i november, den artikkelen kan du lesa her.