På med leiartrøya

80 foreldre og andre interesserte fekk med seg Liv Berit H. Tønnesen sitt spennande foreldreføredrag måndag kveld og vart inspirerte til å gå heim å ta på seg leiartrøya i familien.

Pedagogen frå Stavanger fekk på ein levande måte inspirert dei frammøtte til å forstå kva det vil sei at å ta på den gode leiartrøya, skilnaden på sjølvtillit og sjølvkjensle og kva som skjer og kva fylgjene vert av dei ulike oppdragarretningane. 

Det var Bakken barnehage, Fitjar søndagsskule og Fitjar sokneråd med trusopplæringsutvalet og babysong og småbarnstreff som inviterte til den opne foreldrekvelden i Fitjar kyrkje, som hadde fått namnet:  På med leiartrøya i familien. Karine Lillenes berika kvelden med to flotte songar, akkompagnert av Elin Sørfonn. 

Som føredragshaldar Liv Berit H. Tønnesen sjølv sa så er ho rett på sak, og ting vart presentert svart-kvitt og nesten karikert, for å få fram poenga i forskjellen på autoritær oppdraging og omsorgsbasert oppdraging og skilnaden på sjølvtillit og sjølvkjensle. Ho synte til kor viktig det er å finna den "gylne middelveg" innan oppdraging og leiing, som tar med seg det nødvendige frå begge sidene. Hovudpoenga hennar var basert på tankane til den danske familieterapeute Jesper Juul og den norske familieterapeuten David Kvebæk, spedd med eiga livs- og yrkeserfaring og levandegjort med personleg utdjuping og gjenkjennelege konkretiseringar.  Krydra med sjølvopplevde hendingar vart poenga gjenkjennelege og lett forståelege.

I ein og ein halv time sat dei frammøtte lydhøyre og fengsla av den pedagogiske flanellograf-presentasjonen til Liv Berit. Då dei etterpå vart utfordra til å summa saman om kva som kan verta fruktene av sterk sjølvtillit og av sterk sjølvkjensle, gjekk praten høgt og livleg i benkradene i kyrkja og føredragshaldaren hadde ingen problem med å få hjelp til å fylla ut fruktene på tavla og slik gjera presentasjonen unik og lokal.

Den klåre bodskapen om at foreldra må på med leiartrøya i familien som både myndige og omsorgsfulle vaksne med ansvar for seg sjølv og samspelet med ungane og at det vil skapa trygge og gode barn som er godt utrusta for dei utfordringane dei vil møta i livet vart diskutert vidare av motiverte foreldre på veg ut i den kjølege vinterlufta, og det høyrdest ut som dette truleg vil koma mange ungar på Fitjar til gode.