Vårleg nyttår

Mange av bakkane på Fitjar er grøne og fine i det me går inn i eit nytt år, og ein av lesarane våre melder om at våren allereie har kome til hans hage.

Ole Haukeland som bur på Helland fortel at då han skulle ut og fylla på meir mat til fuglane den siste dagen i 2013 kunne han tydeleg sjå at det går mot lysare tider. Det var 14 dagar sidan sist han fylte på og det hadde ikkje vore så mange fuglar innom. I fuglemataren hadde solsikkefrøa teke til å spira og bar bud om at våren er på veg.

groen jul foto Ole Haukeland

Solsikkene spirer i fuglemataren på Helland. Foto: Ole Haukeland