Populær julefest med unge aktørar

Det var ung regi og unge aktørar på dei fleste felt under søndagsskulen sin julefest  som samla heile 160 små og store.

Fitjar søndagsskule sin julefest på Fitjar bedehus har lange tradisjonar og følgde og i år eit tradisjonelt program med andakt, mat og juletregong. Men med filminnslag laga av 10-13-åringane på Bibelgjengen, unge forsongarar og søndagsskuleungar i sving i dei fleste oppgåver gav festen langt frå eit gamalt og satt preg. 

20131230 julefest HR01

Festdeltakarane vart ynskt velkomen i døra med eit smil og eit pepperkakehjarta frå Eirin M. Oma og Sofie Rimmereid. Foto: Helga Rimmereid

20131230 julefest HR02

Fitjar barnegospel gledde festlyden med gledesstrålande og flotte framføringar av nye og friske julesongar. Foto: Helga Rimmereid

20131230 julefest HR05

Søndagsskulekonsulent Elisabeth Fauskanger hadde andakt om julegåvene me får frå Gud: Jesus som baby, Jesus på korset, Jesus som lyset for verda og det levande vatnet. Foto: Helga Rimmereid

 20131230 julefest HR03

Søndagsskuleungane oppsummert haustsemesteret med å framføra Opp-ned-songen. Foto: Guro Rimmereid

20131230 julefest HR07

Bak lyd og bildespakane sat 12-åringane Berner Haukeland og Daniel Rolfsnes. Foto: Helga Rimmereid

20131230 julefest HR04 

Det var servert kveldsmat med skjever, julekjeks og kringla. Foto: Helga Rimmereid

20131230 julefest HR08

 Ei gruppe unge messingblåsera under leiing av Ragnhild Prestbø sørgde for friskt akkompagnement til juletregongen, som vart leia av Lars Vestbøstad. Foto: Helga Rimmereid

20131230 julefest HR09

 Juletregong med fire ringar rundt treet og tradisjonelle julesongar som Å jul med din glede var ei flott avslutting på ein kjekk fest. Foto: Helga Rimmereid

20131230 julefest HR10

 Då festen var over måtte det ryddast og vaskast, og til og med her tok dei unge i eit tak. Foto: Helga Rimmereid

Fitjar søndagsskule sin julefest er langt frå den einaste julefesten som vert arrangert på Fitjar. Så langt Fitjarposten kjenner til var det julefest på Fitjar bedehus 4. juledag og på Øvrebygda skule 5. juledag, Det vert og arrangert julefest i Osterneset, og kanskje endå fleire stader som ikkje me kjenner til.  Søndag 5. januar er det duka for stor juletrefest for heile bygda i Fitjar kultur- og idrettsbygg.