Heider til søndagsskule-Torunn

I samband med søndagsskulen sin julefest på Fitjar bedehus vart Torunn Konstali Aarskog heidra for over 30 års trufast teneste som søndagsskulelærar.

Torunn starta søndagsskulelærarkarrieren sin i Flekkefjord, der ho vaks opp. Etter at ho kom til Fitjar tok ho til i Fitjar søndagsskule, som dei siste 30 åra har halde til på Fitjar bedehus, og der ho har vore søndagsskulemedarbeidar i ein heil generasjon. I tillegg til å vera vanleg søndagsskulelærar har Torunn i mange år vore hovudleiar og har hatt mykje papir- og administreringsarbeid i tillegg til å fortelja ungane på søndagsskulen om Jesus.

Det var søndagsskulekonsulent i Karmsund og Sunnhordland søndagsskulekrets Elisabeth Fauskanger som stod for overrekkinga av heidersdiplomen. Fleire andre søndagsskulelærarar på Fitjar har fått denne utmerkinga tidlegare, men i år var det Torunn sin tur. Astrid K. Prestbø som er hovudleiar i Fitjar søndagsskule set stor pris på å ha slike trufaste medarbeidarar i leiarflokken, og dei yngre lærarane er glade for å ha nokon med lang erfaring saman med seg.

Torunn vart både overraska og overvelda av utmerkinga og merksemda ho fekk. Ho har ikkje tal på kor mange timar ho har lagt ned i søndagsskulearbeidet, men ho har alltid gjort det, og gjer det framleis, med stor glede. Torunn likar seg best med dei små ungane og har godt lag med dei, og mange både små og store på Fitjar set stor pris på den dyktige og allsidige søndagsskulelæraren, som til vanleg jobbar som styrar i Bakken barnehage. Under årets julefest hadde ho kjøkenteneste og sørgde for at det vart kveldsmat, kaker, kaffi og brus til alle dei 160 festdeltakarane.

Men Torunn gjer seg ikkje med dette. Søndagsskulearbeidet har vore og er framleis eit svært viktig arbeid, seier ho, og i midten av januar er ho og dei andre søndagsskulelærarane klar for eit nytt søndagsskule-semester på Fitjar bedehus.