Laurdag 21. Juli 2018


Heider til søndagsskule-Torunn

I samband med søndagsskulen sin julefest på Fitjar bedehus vart Torunn Konstali Aarskog heidra for over 30 års trufast teneste som søndagsskulelærar.

Torunn starta søndagsskulelærarkarrieren sin i Flekkefjord, der ho vaks opp. Etter at ho kom til Fitjar tok ho til i Fitjar søndagsskule, som dei siste 30 åra har halde til på Fitjar bedehus, og der ho har vore søndagsskulemedarbeidar i ein heil generasjon. I tillegg til å vera vanleg søndagsskulelærar har Torunn i mange år vore hovudleiar og har hatt mykje papir- og administreringsarbeid i tillegg til å fortelja ungane på søndagsskulen om Jesus.

Det var søndagsskulekonsulent i Karmsund og Sunnhordland søndagsskulekrets Elisabeth Fauskanger som stod for overrekkinga av heidersdiplomen. Fleire andre søndagsskulelærarar på Fitjar har fått denne utmerkinga tidlegare, men i år var det Torunn sin tur. Astrid K. Prestbø som er hovudleiar i Fitjar søndagsskule set stor pris på å ha slike trufaste medarbeidarar i leiarflokken, og dei yngre lærarane er glade for å ha nokon med lang erfaring saman med seg.

Torunn vart både overraska og overvelda av utmerkinga og merksemda ho fekk. Ho har ikkje tal på kor mange timar ho har lagt ned i søndagsskulearbeidet, men ho har alltid gjort det, og gjer det framleis, med stor glede. Torunn likar seg best med dei små ungane og har godt lag med dei, og mange både små og store på Fitjar set stor pris på den dyktige og allsidige søndagsskulelæraren, som til vanleg jobbar som styrar i Bakken barnehage. Under årets julefest hadde ho kjøkenteneste og sørgde for at det vart kveldsmat, kaker, kaffi og brus til alle dei 160 festdeltakarane.

Men Torunn gjer seg ikkje med dette. Søndagsskulearbeidet har vore og er framleis eit svært viktig arbeid, seier ho, og i midten av januar er ho og dei andre søndagsskulelærarane klar for eit nytt søndagsskule-semester på Fitjar bedehus.

 

 

 

 

 

 

Til topps i NM for islandshest

19.07.2018 Kjetil Rydland

Carolin Storebø og hingsten Arnviður heime i Vik med det synlege provet på siger i NM. Foto: Kjetil Rydland. Til topps i NM for islandshest Med hingsten Arnviður gjekk Carolin Storebø frå...

Les meir ...

Fitjarpoteter i butikkken i morgon!

19.07.2018 Kjetil Rydland

No kan Turid Fitjar forsyna kundane sine med tidlegpoteter frå Fitjargarden. Foto: Kjetil Rydland. Fitjarpoteter i butikken I dag begynte Turid Fitjar å ta opp poteter, og i morgon er det tidlegpoteter frå...

Les meir ...

Pengar til verna kulturminne

19.07.2018 Kjetil Rydland

Rydlandssago var det kulturminnet som fekk det største tilskotet denne gongen.  Pengar til verna kulturminne Kultursjef Bente Bjelland gler seg over at fem søknader om tilskot til verna kulturminne i Fitjar har...

Les meir ...
annonse
annonse

Geir Skeie opnar Pink Fish i Bergen

18.07.2018 Kjetil Rydland

Illustrasjonsfoto: Pink Fish.  Geir Skeie opnar Pink Fish i Bergen I morgen, 19. juli, opnar Geir Skeie og partnarane den første Pink Fish-restauranten i Bergen. Dette er den tredje restauranten i kjeda...

Les meir ...

Stolt skipper på stolt skute!

18.07.2018 Kjetil Rydland

Asgeir Andersen ved Dåfjorden Slipp, i bakgrunnen «Gamle Nyborg», den finaste skuta i landet. Foto: Kjetil Rydland. Stolt skipper på stolt skute! Asgeir Andersen i Dåfjorden har kjøpt den finaste frakteskuta i...

Les meir ...

Blekkspruten klatra over ripa!

17.07.2018 Kjetil Rydland

Blekkspruten har klatra opp den glatte veggen med sugeskålene sine, og er klar til å hoppa ut att i sjøen. Foto: Gunnar Siglen.  Blekkspruten klatra over ripa! Fiskar Gunnar Siglen fortel ei...

Les meir ...
annonse

Ny lunsjkonsert med kantor Overweg

20.07.2018 Kjetil Rydland

Kantor Jan Overweg ved det nye orgelet i Fitjar kyrkje. Foto: Kjetil Rydland.  Ny lunsjkonsert i kyrkja med kantor Overweg I morgon er det klart for ny lunsjkonsert i Fitjar kyrkje med kantor...

Les meir ...
annonse