Musikk- og adventsglede

Babysong og småbarnstreff avslutta semesteret med juletonar, adventssamling, diplomutdeling og juleverkstad på Fitjar bedehus onsdag 11. desember.

12 babyar har saman med mor/far delteke på babysongkurs denne hausten. Det har vore ein blid og positiv gjeng som har kost seg med musikk, barnesongar, regler og fellesskap med kvarandre. Eit av høgdepunkta for dei små har vore songen Her sit me no og ror, der babyane har fått ligga under eit blått gjennomsiktig tøystykke som foreldra har laga spennande bølgjer med samstundes som dei har sunge songen. Den 8. og siste samlinga dette semesteret vart avslutta med diplomutdeling til dei unge kursdeltakarane.

Småbarnstreff hadde si eiga semesteravslutting med adventssamling med song, lystenning og juleforteljing same dag.

Etter at kvar gruppe var ferdig med si samling var det felles nistemåltid, før alle var klar for juleverkstadaktivitetar. Det vart laga kort med fot- og håndtrykk, adventsappelsiner og lyslykter og det vart pynta fyrstikkøskjer. Ei fin, roleg førjulssamling for små og store.

Småbarnstreff, og nytt babysongkurs, startar opp att etter jul onsdag 8. januar. 

Astrid, Hildegunn og Helga vil retta ei stor takk til dei kjekke kjøkkendamene som har hjelpt til på samlingane denne hausten: Gerd Træet, Inger C. Fitjar og Guro Tveit !

 

 

 

 

 

 

 

 

Babysong og småbarnstreff avslutta semesteret med juletonar, adventssamling, diplomutdeling og juleverkstad på Fitjar bedehus onsdag 11. desember.