Laurdag 21. April 2018


Variert og stemningsfull adventskonsert

Revar, englar, dansarar, rockestjerner, messingblåsarar, klassiske musikarar og ikkje minst "Piken med svovelstikkene" skapte god adventsstemning i kultursalen.

Omkring hundre ungar var i aksjon under kulturskulen sin adventskonsert i kultursalen torsdag kveld. Slekt og vener og andre interesserte kom i hopetal og fylte storstova opp til siste sete. 

Konserten var svært variert, slik og tilbodet i kulturskulen er for tida. Skulekorpset og dei ferske aspirantane opna showet med fanfare, juletonar og revemusikk. At nokre av dei eldste danseelevane var med og dansa til The Fox var eit svært positivt innslag som gav ekstra liv og spenning til det nummeret.

Rocken var det dei store gutane i dei to banda som stod for. Dei har spelt saman i fleire år og spelar stadig meir avansert. Dei spelar godt saman og det var som alltid god "trøkk" i dei. Det einaste dei manglar i eigne rekker er nokon som syng, så her måtte bandlærar Jonas S. Olsen tre støttande til.  Med Torstein R. Kjelling og Andreas Vik på trommer var det og svært taktfast i begge banda. Ein av dei som fekk briljera ekstra under denne konserten var Johannes Myhre som imponerte med svært flotte gitarriff. 

Den søte musikken var det songjentene som stod for, og julemusikk fekk me både frå songarar, gitaristar pianistar og fløytistar. Og publikum song villig med på Romante Zemgulite sitt gitarakkompagnement til musevisa.

Nytt av året var at me fekk oppleva ei heil strykargruppe med sju fiolinistar i fleirstemt samspel, akkompagnert av firhendig piano ved Thea Træet og Sofie Rimmereid.

I fjor sakna me julemusikk på adventskonserten, i år fekk me ein passeleg stor dose som toppa seg med Mari Hatlevik og Thea Træet si framføring av All I want for Christmas is you, med innlagt koreografi og utdeling av sjokoladar til slutt.

Både leiing (Ingrid S. Bergesen og Torstein Træet) og lyd og lys var det kulturskulen sine eigne elevar som stod for, og det fungerte svært fint.

Etter pausen var det drama/teaterelevane sin tur. Ein svært dyktig gjeng av dei eldste elevane, med stor evne til å læra ting utanåt, framførde alvorlege og morosame minimonologar. Me gløymer ikkje med det første Frøydis Malkenes si Europris-lykke med reinsdyr-tøflar. 

Det heile vart avslutta med ei aldeles fantastisk framføring av det kjende H.C. Andersen-eventyret "Piken med svovelstikkene". Blandinga av små og store danseelevar og dramaelevar, flotte kostyme, nydeleg koreografi, fantastisk flott spel og dans, god innleving i rollene og med Kaia Rydland som ei svært truverdig "Piken med svovelstikkenen" vart det ei reint magisk avslutting på ein fin og rikhaldig adventskonsert.

20131128 adventskonsert foto Helga Rimmereid9

God jul! ropte alle teater- og danseelevane i det sceneteppet vart drege føre etter avslutta konsert. Foto Helga Rimmereid

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Første vigsla for ordføraren

20.04.2018 Kjetil Rydland

Ordførar Wenche Tislevoll med brurparet Malene Løklingholm Leivestad og Morten Bauge Torland. Foto: Kjetil Rydland.   Første vigsla for ordføraren Fredag fekk ordførar Wenche Tislevoll sin elddåp då ho vigde Morten Bauge Torland (31)...

Les meir ...

Ber barna i beretøy og gjer dei trygge!

19.04.2018 Kjetil Rydland

  Gabriel Nedal Kvamen ser ut til å finna seg til rette på ryggen til mor, Solrun Irene Kvamen. Foto: Kjetil Rydland.   Ber barna i beretøy og gjer dei trygge!  I dag møttest...

Les meir ...

Carfix med utleigebil til kundane

19.04.2018 Kjetil Rydland

Så fin er den nye Renault Zoe elbilen til Carfix. Foto: Kjetil Rydland.  Carfix med utleigebil til kundane Carfix på Fitjar kan skilta med ein splitter ny elbil som kundane kan låna...

Les meir ...
annonse

Fjord1 med ny nettside

19.04.2018 Kjetil Rydland

MF "Vågsøy" går i sambandet Sandvikvåg-Husavik. Foto: FP-arkiv/KR.  Fjord1 med ny nettside Ferjeselskapet Fjord1 lanserer ny nettside med eit heilt nytt visuelt inntrykk. 

Les meir ...

Slik blir årets utgåve av Fitjarfestival…

19.04.2018 Harald Johan Sandvik

Slik blir årets utgåve av Fitjarfestivalen Styreleiar Inger Elin Helland orienterte formannskapet i Fitjar om den niande utgåva av Fitjarfestivalen.

Les meir ...

Den nye rådmannen i Fitjar er på plass

18.04.2018 Harald Johan Sandvik

Den nye rådmannen i Fitjar er på plass Olaug Haugen er ny rådmann i Fitjar. Foto: Harald Johan Sandvik Påtroppande rådmann Olaug Haugen var med på sitt første politiske møte i Fitjar...

Les meir ...
annonse

Bremnesingane blei altfor sterke for A-l…

21.04.2018 Kjetil Rydland

Fitjar nede for teljing med null poeng etter tre kampar. Foto: Kjetil Rydland. Bremnesingane blei altfor sterke for A-laget Trass ei tidleg leiing ved Daniel Skarpnes viste Fitjar-gutane seg altfor veike og...

Les meir ...
annonse