God plass på småbarnstreff

Annakvar onsdag samlest ein gjeng småbarnsmødrer, med ungar, seg på Fitjar bedehus til songstund, leik og nistemåltid. 

Sjølv om mange ungar i dag går i barnehage er det framleis behov for eit slikt tilbod for dei som er heime med eigne eller andre sine ungar. Songstund med eit variert repertoar med songar og regler, såpebobler, trekkinga av dyr og speling på rytmeinstrument er alltid populært. Etter songstunda er det mat. Alle har med seg niste, og så vert det servert kaffi, te og saft. Når nista er fortært er det klart for leik med klossar, bilar, dyr og dokker. Leiken går stort sett av seg sjølv og dei vaksne får god tid til å vera sosiale med likesinna. 

Samlingane er på Fitjar bedehus annakvar onsdag kl. 10.30-12.00, og har god plass til fleire. Tilbodet er heilt gratis, det krev inga påmelding eller registrering  og ope for alle som har lyst å vera med. 

Det er to småbarnstreff-samlingar att før jul. Den første er onsdag 27. november, og så vert det eit utvida treff med adventssamling og juleverkstadaktivitetar onsdag 11. desember. 

Parallelt med småbarnstreff er det babysongkurs på loftet på bedehuset. Babysongkurset, som består av åtte samlingar, krev påmelding. Nytt babysongkurs startar 8. januar. Same dag vert det og oppstart for småbarnstreff etter jul. 

Samlingane vert annonsert på kalenderen her på fitjarposten.no. Der finn ein og informasjon om påmelding til neste babysongkurs. 

Velkomen på småbarnstreff! helsar Astrid, Hildegunn og Helga

smaabarnstreff foto Helga Rimmereid11

Arkivfoto av leik på småbarnstreff. Foto: Helga Rimmereid

smaabarnstreff foto Helga Rimmereid13

Arkivfoto frå ei tidlegare adventssamling. Foto: Helga Rimmereid

smaabarnstreff foto Helga Rimmereid14

Arkivfoto av juleverkstadaktivitetar. Foto: Helga Rimmereid