Dyrevenene på Helland

Sist veke var det barnetv-sending frå garden til Helene og Oda Volden de Fine på Helland.

Etter at det hadde stått om familien de Fine og mohairgeitene deira i BT i vår, vart familien kontakta av NRK Super som ville besøkja dei for å laga eit program frå Hordaland med barn og litt uvanlege dyr. NRK var på Fitjar for å filma ein halv dag i vår, under kjeinga, og to dagar i september, fortel Hilde V. de Fine, som er mor til jentene som er med i TV-programmet. 

Dyrevenn er ein serie på 13 program som handlar om ulike dyr i Noreg. Programserien vert leia av Malin Hovland Hellebø, og det er i det tolvte programmet i denne serien at Malin besøkjer Helene, Oda og geitene deira, og har garden på Helland som utgangspunkt for programmet.

Oda og Helene synes det var kjempekjekt å vera med i Dyrevenn. Dei syns det var lærerikt og interessant og dei har fått mange positive og kjekke tilbakemeldingar frå folk etter at programmet vart sendt på NRK Super onsdag 20. november. 

Dei som ikkje såg det kjekke barnetv-programmet frå Fitjar onsdag sist veke  kan endå få det med seg. Den aktuelle episoden står på programmet på NRK super igjen onsdag 27. november kl. 13.40. Ein kan og så det kor tid som hels på nettsida til NRK Super her.