Julemesse for misjonen

Den populære julemessa i Øvrebygda har vakse seg så stor at ho har blitt flytta frå bedehuset til gymnastikksalen, og trakk i år folk frå både fjern og nær.

Gratis mat, utlodding, andakt og song ved Håkon C. Hartvedt og mykje flott handarbeid og bakverk både for sal og som gevinstar, trakk fult hus i gymnastikksalen på Øvrebygda skule laurdag ettermiddag. Øvrebygdingane var naturleg nok i fleirtal, med det var folk frå både Fitjar, Leirvik og stader lenger vekke som fekk med seg den tradisjonsrike messa som vert arrangert av Helland og Hovstad si normisjonsforeining.

Messa har lange tradisjonar og har tidlegare vore på bedehuset i Øvrebygda, men dei siste åra der vart det så fult at folk nærast sloss om stolane, så då var det på tide å flytta over i eit større lokale, fortel Kari F. Giske som set og sel lodd på bok. I fjor flytta dei seg eit steinkast bort til gymnastikksalen, og er svært nøgd med det. Her er det romslege og meir oversiktleg, og det føltes ikkje trongt sjølv om omkring 130 stykke var innom messa i år

Maten var gratis, og kaker, bollar og vaflar fall i smak hos både små og store. Sal av årer, lodd på bøker og sal av bakverk og ulike heimelaga produkt såg ut til å gå strålande, All inntekta frå messa går til Normisjon sitt arbeid på Okhaldunga sjukehus i Nepal, og folket i Øvrebygda er rause når det handlar om å støtta misjonen og syna at dei set pris på at misjonsdamene steller til eit slikt kjekt førjulsarrangement.

Marit Tislavoll, som leia festen, var svært godt nøgd med arrangementet.
-Det kom mykje folk, det var god stemning og me fekk samla inn mykje pengar til misjonen sitt viktige sjukehusarbeid i Nepal!