Bøker og graut

Boksal og servering av graut var ramma rundt den koslege familiesamlinga som fann stad på Osternes bedehus laurdag ettermiddag.

Dogga vindaugssruter på bedehuset i Osterneset vitna om varm mat og godt med folk innanfor. 

I tillegg til at SunnBok hadde stand med sal av bøker, musikk, filmar, kalendrar og litt pynteting, var det allsong, fløytespel, servering av graut, kaffi og kjeks og god tid til drøs rundt borda i møtesalen.

Omkring 30 stykke nytte godt av fellesskapet og serveringa og mange hadde planer om å gjera unna ein del av julehandelen denne laurdagen. Snittalderen var forholdsvis høg til familiesamling å vera, men det vart sagt at fleire barnefamiliar hadde vore innom tidlegare år.

Dette var tredje året det vart invitert til ei slik samling på Osternes bedehus, like før advent. Og dei gode erfaringane tilseier at dette er ein ny tradisjon som har kome for å bli. 

- Det er kjekt når butikken kjem hit til oss, sa fleire av dei eg snakka med som stod klar med "setlabokjo" for å kjøpa ei god bok, eller to eller tre,  i julegåve.