Frå skulekorpset til musikkstudier i Wales

Fitjarjenta Anne Lunde er komen inn på det prestisjetunge Royal Welsh College of Music and Drama i Wales og er klar for fire år med musikkstudium med kornett som hovudinstrument.

Anne Lunde (19) har sin musikalske bakgrunn frå Fitjar skulekorps der ho var med i heile 11 år. Spesielt dei siste åra markerte ho seg som ein svært dyktig kornettist og fekk mellom anna solistpris under Sotrafestivalen 2011.

Etter tre år ved musikklinja på Stord vidaregåande skule er Anne no elev ved ein av Noregs største musikkfolkehøgskular, Tonheim folkehøgskule, på Hamar. Og neste år er ho klar for nye musikalske utfordringar, i Wales.

Fitjarjenta, som er vaksen opp på Vestbøstad, var på jakt etter ein utanlandsk studiestad der det var mogleg å få kornett som hovudinstrument. Etter  å ha undersøkt kvar dei beste brassband-spelarane i Storbritania har studert fall valet på Colleget i Cardiff i Wales. Skulen har flotte fasilitetar og gode lærarar og Anne gler seg til å studera der, men er innstilt på at det vert ein stor overgang frå folkehøgskulelivet.  Det kjem til å bli fire krevjande år, men ho håpar og trur  ho skal klara å takla utfordringar som å finna ein stad å bu, økonomi, undervising på engelsk og tøffe studiekrav.

For å koma inn på det prestisjetunge colleget måtte Anne skrive ein søknad der ho beskreiv sin musikalske bakgrunn og  motivasjonen for å gå på skulen. Ho trong referansar frå to tidlegare lærarar og måtte senda inn eit opptak (video) der ho spelte to kornettstykke og snakka litt om seg sjølv. Colleget var tydelegvis nøgde med det dei såg og høyrde. Det einaste som står att no er ein engelsk-prøve som skal bevisa at  studenten fyller dei språkkrava colleget har til sine internasjonale studentar. Skuleflinke Anne har tru på at det går bra. 

Kornettisten er ikkje i tvil om at ho har lyst å jobba med musikk i sitt vaksne liv, men fortel at det er vanskeleg å leva av å berre spela. Ho ynskjer å spela mest mogleg, men satsar på å studera pedagogikk etter at ho er ferdig med bachelor-studiet, slik at ho kan undervisa i musikk.

Den tidlegare skulekorpsmusikanten roser Fitjar skulekorps og dirigent Svein Roger Koppang for å ha lagt henner gode musikalske grunnmur. I korpset har ho fått god musikkundervising, ho har blitt utfordra, fått god støtte og mange gode råd, som ho vil ta med seg over Nordsjøen.