Fredag 19. Januar 2018


Leverte på Sotra

Nok ein gong leverte Fitjar skulekorps sitt beste under konkurranse-speling. Og korpset synte under årets Sotrafestival at på trass av generasjonsskifte høyrer dei framleis heime i andre divisjon.

Fitjar skulekorps var i godt lag under årets Sotrafestival, både med svært gode konkurrentar i 2. divisjon brass og som ein del av ein stor Sunnhordlandsdelegasjon med til saman fem skulekorps, eit juniorkorps og eit generasjonskorps frå vårt distrikt.

Dette var 4. gong Fitjar skulekorps deltok i korpskonkurransen Sotrafestivalen, og dei kan visa til to første plassar i tredje divisjon og ein tredje plass i andre divisjon. I haust opplevde korpset eit generasjonsskifte og har ein snittalder på under 13 år. Det låg lenge an til at korpset i år skulle konkurrera i tredje divisjon, kan dirigent Svein Roger Koppang fortelja. Men etter iherdig øving i haust synte musikantane stor framgang og det var ikkje anna enn rett og rimeleg at korpset deltok i 2. divisjon. Sjølv om korpset med ein 7. plass ikkje kom høgt opp på resultatliste synte konkurransen og domarkommentarane at dei framleis høyrer heime i andre divisjon.

Fitjar skulekorps sitt konkurranseprogram bestod av Fanfaren Blaze of Glory av Koppang og Rock og Celtic Origins av Richard Rock. Ein stor heiagjeng frå Fitjar fulgte korpset til Sotra og dei var både imponert og stolt over framføringa til dei unge korpsmusikantane, samstundes som dei som høyrde på fleire korps merka det svært høge nivået i andre divisjon i år. 

Dirigenten og musikantane var sjølv svært nøgd med prestasjonen. Dei leverte det beste dei kunne, og dirigenten meinte at dette var det beste dei har gjort. 

Sotrafestivalen er ein underhaldningskonkurranse og Fitjar fekk 82 av 100 moglege poeng på den musikalske biten og 5 poeng av ti moglege poeng på programmet/underhaldninga. Dette heldt til ein 7. plass. Domarane si tilbakemelding var at korpset gjev eit solid inntrykk og har flott klang. Det siste stykket består av mange solistparti og domarane trekte dette fram som positivt, og alle solistane fekk skryt for trygg og fin speling. Slagverkarane Sverre F. Brekke og Tor Håkon Aarbø fekk og ekstra skryt. Det korpset bør jobba vidare med, i følgje domarkommentarane, er artikulasjon og det å syngja gjennom instrumentet, for å få endå betre klang. 

Rommetveit skulekorps som spelte i 3. divisjon brass vann sin divisjon, med naboane Sagvåg skulekorps, som og vart dirigert av Svein Roger Koppang,  på 2. plass. Tysnes skulekorps kom på 5. plass i same divisjon. Stord skulekorps kom på andre plass i 2. divisjon janitsjar og generasjonskorpset Hillestveit musikkorps frå Bømlo kom på 4. plass i klassen for generasjonskorps. Stord skulekorps sitt juniorkorp vart ikkje rangert i juniorklassen, men fekk ei vurdering frå domarane. 

Alt i alt ei svært god helg for korpsa frå Sunnhordland.

Meir om Sotrafestivalen og fullstendig resultatliste kan ein lesa på heimesida deira her.

 

 

 

 

 

 

Utstillingsopning i Galleri Losjen, UNIV…

17.01.2018 Fitjar kommune

Utstillingsopning i Galleri Losjen, UNIVERSAL BEINGS

Les meir ...

Bankbygget mot ei ny blomstringstid

17.01.2018 Kjetil Rydland

Bygget som Sparebanken Vest flytta ut frå i 2016 ligg fint til midt i Fitjar sentrum. Foto: FP-arkiv/HCH.  Bankbygget mot ei ny blomstringstid Bankbygget i sentrum, som Sparebanken Vest flytta frå i...

Les meir ...

Kje til Fitjar for å gjera seg feite

15.01.2018 Kjetil Rydland

Kje er initiativrike dyr, som straks gjekk i gang med å gjera seg kjende i den nye heimen sin. Foto: Kjetil Rydland. Kje til Fitjar for å gjera seg feite  For nokre dagar sidan...

Les meir ...
annonse
annonse

Har ikkje klart å flytte ut frå Smedholm…

15.01.2018 Jonas Sætre

Har ikkje klart å flytte ut frå Smedholmen innan fristen Sjølv om leigeforholdet med Fitjar kommune gjekk ut ved nyttår har dei frivillige endå ikkje rydda ut av den kulturhistoriske eigedomen.

Les meir ...

Fitjar kino klar for premiere!

14.01.2018 Kjetil Rydland

Den nye maskinen er på det nærmaste klar til å visa film i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Foto: Kjetil Rydland.  Fitjar kino klar for premiere! Ole Bergesen ved Fitjar kultur- og idrettsbygg fortel...

Les meir ...

Badesesongen i full gang

14.01.2018 Kjetil Rydland

Ikkje akkurat Syden, men Leander Træet slappar av i bassenget. Foto: Kjetil Rydland.  Badesesongen i full gang Bassenget på Rimbareid skule er ope for ålmenta kvar måndag, bortsett frå i skuleferiane. 

Les meir ...
annonse

Fundamenta til dei nye vindmøllene er kl…

17.01.2018 Kjetil Rydland

Hans Erik Larsson frå firmaet Spennteknikk spenner strekkstaga til mølle 56. Foto: Kjetil Rydland. Fundamenta til dei nye vindmøllene er klare Når dei elleve nye vindmøllene kjem i april, skal dei ikkje...

Les meir ...