Årsfest med revedans

Det var både revedans, utdeling av heidersmerke, flott korpsmusikk og mykje god mat under Fitjar skulekorps sin årsfest søndag ettermiddag.

Det var pynta til fest i gymnastikksalen på Øvrebygda skule og langborda var dekka til 115 stykke. Musikantane gledde foreldre og søsken med mykje flott korpsmusikk og spirantane hadde tradisjon tru sin konsertdebut på årsfesten. I år tel aspirantgruppa sju stykke og dei imponerte med gode, klare, reine tonar og flott samspel.

Revedansen var det ei dansegruppe frå Fitjar kulturskule som stod for. Musikken kom frå Fitjar skulekorps som framførde Erlend Bratlie sin brass-versjon av Ylvis-låta The Fox. Eit populært, kjekt og sprekt opningsnummer.

Kvart år får musikantane ei ny sølvstjerne til å sy på uniforma, for det siste året dei har vore med i korpset. I år vart det delt ut 34 stjerner. Vidare vart det og delt ut fem- og sjuårsmedaljar til dei som har vore med i Fitjar skulekorps så lenge. Nytt av året var at det og vart delt ut ei påskjønning til dei som har vore med i korpset fram til dei fylte 19 år. Desse musikantane har vore ein stor ressurs og har vore svært viktig for korpset, som gode musikalske førebilete og for det sosiale miljøet. Dei vart heidra med kvar sin g-nøkkel i sølv. Dei tre som fekk denne utmerkinga i år var Ragnhild Prestbø, Anne Lunde og Audun Arthur Mehammer.

For alle første gong vart det og delt ut heidersprisar i form av ei Fitjar skulekorps-nål. Ole Christian Ottestad, som i sommar avslutta sitt mangeårige verv som styreleiar i korpset, fekk nåla for lang og tru teneste. Den same utmerkinga var og tildelt Svein og Gerd Marit Lunde, men dei var hindra frå å vera med på årsfesten og ta imot utmerkinga der. Desse tre har vore ryggrada i skulekorpset gjennom ein heil generasjon, både i nedgangstider og oppgangstider, i motvind og medvind. Det var ei stor glede for nyvalt styreleiar Tom Rydland og få gjera stas på dei trufaste eldsjelene.

Dirigent Svein Roger Koppang fekk og tildelt korpsnåla. Om han ikkje kan skilta med like lang og tru teneste som dei andre heidersmerke-mottakarane har han vore trufast og målretta dirigent for korpset dei siste seks åra. Han er ein god korps- og Fitjar skulekorps-ambassadør og styret meinte det var på sin plass å gje han og ei utmerking.

Festlyden vart servert betasuppe og eit svært flott kakebord. Det var og rom for litt allsong og biletkavalkade frå korpsåret 2012/2013, som var eit svært godt og innhaldsrikt år, både musikalsk og sosialt.