Innbyggjarfest med internasjonalt preg

Eit stort, rikhaldig og internasjonalt kakebord og nokre flotte jenter pynta i fine indiske drakter var med på å skapa fleirkulturell feststemning i kultursalen i ettermiddag. 

Med det forlokkande kakebordet, litervis med kaffi og ein fullsett kultursal låg alt godt til rettes for å skapa eit inkluderande miljø for både innbarka fitjarbuarar og tilflyttarar. Og dei omkring to hundre frammøtte var ei god blanding av folk som har budd her heile livet og folk som har kome flyttande hit frå andre kantar av landet eller verda.

Ordførar Wenche Tislevoll opna festen med ein svært flott og informativ presentasjon av bygda vår gjennom ord og bilete. 

I foajeen var fleire ulike lag og organisasjonar på plass for å presentera sitt tilbod. Skulekorpset, musikklaget, idrettslaget/treningssenteret, kajakk-klubben, kyrkja, søndagsskulen, 4H, Fitjarposten, Sunnhordland, Bygdekvinnelaget, Fitjar racing team og Fitjar husflidslag hadde alle kvar sin stand som folk kunne besøkja i pausen.

Etter pausen var det kaffi, servert på norsk vis, og kaker frå ti ulike land, før festen vart avslutta med forskjellige kulturelle innslag som synte at Fitjar er ei fleirkulturell bygd. Silje Rydland frå Fitjar kulturskule song og spelte piano, Lene Tolka frå Latvia fortalde og synte bilete og film frå heimlandet sitt, i flotte filippinske festantrekk framførde Armelyn og Alice Rose Mehammer song og dans frå Filippinane, dei indisk-kledde jentene dansa og familien Gudmundsson frå Island framførde ein fin islandsk song.

Festen vart avrunda med at dei som har flytta til Fitjar i løpet av 2013, og som var på festen, fekk kvar si velkomsthelsing i form av eit nett med to kinobillettar, jubileumsboka til Fitjar kommune, fitjarsåpe, lys, refleksvest og prøveabonement på Sunnhordland og Fitjar treningssenter. 

-Me ynskjer fleire folk til Fitjar og me ynskjer at de som har kome hit blir verande, var ordførar Wenche Tislevoll si avsluttande helsing til dei nye innbyggjarane. 

Innbyggjarfesten var ein del av den internasjonale helga som gjekk føre seg på Fitjar 1.-3. november. Dette var den andre gongen at det har vorte arrangert ei slik helg på Fitjar, og det var Fitjar frivilligsentral, Fitjar sokneråd, Krik Fitjar, Fitjar kommune/kulturkontoret  og Spar Fitjar som stod bak arrangementa.