Fitjardame med strikkerekord

Fitjardama Åse Brit Andreassen Meltvik var ein av sju spinnarar og strikkarar som underheldt norske tv-sjåarar med strikkeprosjektet "Frå sau til genser" i programmet Nasjonal strikkenatt natt til laurdag.

Ein sau, ein klippar, sju spinnarar/strikkarar og eit kamerateam frå NRK installerte seg på Trikotasjemuseet i Salhus fredag kveld for å prøva å setta ny verdsrekord. Målet var å klippa ein sau, spinna garn og strikka og montera ein ullgenser på under 4 timar, 51 minutt og 14 sekund.

Det vart ei lang, underhaldande natt med strikking minutt for minutt, direktesendt på TV. På trass av iherdig innsats vart det dessverre ingen ny verdsrekord i strikking. Gjengen i Salhus brukte 8 timar 35 minutt og 23 sekund frå dei starta å klyppa sauen Fregneguri til genseren var ferdig. Det heldt til norsk rekord og vart feira med kake og champagne på trikotasjemuseet. Og om det ikkje vart verdsrekord i strikking så kunne strikkegjengen og NRK feira verdas lengste direktesendte strikke-tv.

Åse Brit, som er vaksen opp i Fitjarstølane på Fitjar og som er utdanna herre-skreddar, tok del i strikkinga. Ho fortel om ei kjekk natt som gjekk veldig fort og som vart veldig nervepirrande på slutten. Ho er kjempestolt av rekorden dei tok og vil gjerne vera med på å prøva å slå rekorden igjen, men då i juni for då er det mindre fett i ulla og då kan ein forventa at arbeidet går endå fortare.

Minutt for minutt-sendinga ligg framleis ute på nettet og om ein har tid kan ein kan sjå heile programmet på NRK si tv-side her.