Laurdag 21. April 2018


Nye, spennande og gode smakar

Det var mange gode og spennande rettar å få smaka på då det vart servert mat frå ni ulike land i gangen hos Spar i dag.

Allereie før ein kom inn fekk ein ei aning om at noko var på gang. Det var mest ikkje råd å finna ledig parkeringsplass i sentrum, det seiv god matlukt ut frå Larsen-bygget, og då ein kom innom dørene var det så fullt at det nesten ikkje var råd å føta seg. Over alt, tett i tett, stod det folk med papptallerkar fulle med smaksporsjonar av ulike rettar.

Servering av gratis smaksprøvar av mat frå ulike land var ein del av markeringa av internasjonal helg på Fitjar. Med kvar sin stand frå sitt land vart det servert matrettar frå Argentina, Thailand, Filippinane, Japan, Bulgaria, Polen, Serbia, Cuba og Noreg. Det var god stemning og god drøs rundt standane. Og alle eg snakka med hadde same kommentar til maten: Dette smakte kjempegodt!

Joanna Sawicka frå Polen hadde laga ein god grønsakssalat og stod på stand saman med Agneizka Kulesza og Andrzej Zielinski. Joanna synes det var kjekt å få vera med på dette og fortalde at det hadde vore mange folk innom standen deira, og synte til nesten heilt skrapa salatbollar. Sjølv hadde ho ikkje rukke å smaka på dei andre sine rettar, ho hadde brukt all tida på å servera og å praktisera norsken som ho etter kvart har blitt svært god i.

- Dette er ein flott måte for folk å bli kjende med kvarandre på, og det gjev dei utanlandske tilflyttarane god norsk-trening, sa ei strålande nøgd Ellinor Bergesen frå Fitjar frivilligsentral, som er ein av arrangørane av den internasjonale helga. Ho fortel vidare at alle som vart spurd om å delta var svært positive til å vera med og syntes ideen med å vera synlege i sentrum med servering av gratis smaksprøvar var ein god ide. Ingrediensane til rettane har blitt sponsa av Spar, og Armelyn Mehammer fortel at ho treng ingen spesialbutikkar men får tak i alle ingrediensane til sin gode filippinske pansit i butikkane på Fitjar. Både på hennar og dei andre sine standar vart det delt ut oppskrifter saman med smaksprøvane, slik at folk sjølv kan prøva å laga dei ulike rettane.

I dag var det stort sett salt mat det handla om. I morgon vert det eit gedigent internasjonalt kakebord i samband med innbyggjartreffet som skal vera i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Då vert det endå fleire nye og spennande smakar, lovar Ellinor Bergesen. På innbyggjarfesten er alle på Fitjar velkomne, enten ein er tilflyttar eller ein har budd her heile livet.

 

 

Carfix med utleigebil til kundane

19.04.2018 Kjetil Rydland

Så fin er den nye Renault Zoe elbilen til Carfix. Foto: Kjetil Rydland.  Carfix med utleigebil til kundane Carfix på Fitjar kan skilta med ein splitter ny elbil som kundane kan låna...

Les meir ...

Fjord1 med ny nettside

19.04.2018 Kjetil Rydland

MF "Vågsøy" går i sambandet Sandvikvåg-Husavik. Foto: FP-arkiv/KR.  Fjord1 med ny nettside Ferjeselskapet Fjord1 lanserer ny nettside med eit heilt nytt visuelt inntrykk. 

Les meir ...

Slik blir årets utgåve av Fitjarfestival…

19.04.2018 Harald Johan Sandvik

Slik blir årets utgåve av Fitjarfestivalen Styreleiar Inger Elin Helland orienterte formannskapet i Fitjar om den niande utgåva av Fitjarfestivalen.

Les meir ...
annonse

Den nye rådmannen i Fitjar er på plass

18.04.2018 Harald Johan Sandvik

Den nye rådmannen i Fitjar er på plass Olaug Haugen er ny rådmann i Fitjar. Foto: Harald Johan Sandvik Påtroppande rådmann Olaug Haugen var med på sitt første politiske møte i Fitjar...

Les meir ...

Bli med til Kvinnherad på bygdekvinnestr…

18.04.2018 Kjetil Rydland

Bjørg Strømme og bygdekvinnene har mange jern i elden. Foto: FP-arkiv/KR.  Bli med til Kvinnherad på bygdekvinnestreif  Bli med på bygdekvinnestreif i Omvikdalen 28. april, oppmodar Bjørg Strømme i ei pressemelding.

Les meir ...

Jenter med vinnarvilje!

17.04.2018 Kjetil Rydland

Lagkaptein Marion Træet og Siren Vik hadde god kontroll på midtbanen. Foto: Kjetil Rydland.  Jenter med vinnarvilje! I det sure regnet tysdag kveld var det Fitjar-jentene som viste både mest vilje og...

Les meir ...
annonse

Ber barna i beretøy og gjer dei trygge!

19.04.2018 Kjetil Rydland

  Gabriel Nedal Kvamen ser ut til å finna seg til rette på ryggen til mor, Solrun Irene Kvamen. Foto: Kjetil Rydland.   Ber barna i beretøy og gjer dei trygge!  I dag møttest...

Les meir ...
annonse