Ein smak av Japan

Etter ein times tid med fysisk aktivitet i idrettshallen skulle det både 1, 2, 3 og 4 prosjonar med japansk curry til for å metta enkelte av KRIK-ungdomane.

Det er duka for internasjonal helg på Fitjar og helga starta med Japansk KRIK i Fitjar kultur- og idrettsbygg fredag kveld. Med japanar og primus motor for KRIK, Nobukazu Imazu, i spissen, inviterte KRIK Fitjar til eit utvida KRIK-opplegg. KRIK var denne dagen ope for folk i alle aldrar og det var karateoppvising, karatetrening, sal av japansk curry og informasjon om Japan, i tilleg til vanlege aktivitetar. Over 50 ungdomar møtte opp, i tillegg til nokre få vaksne. 

Den japanske gryteretten fall i smak og gjekk ned på høgkant. Marie B. Langeland fortel at før ho delte ein tallerk curry med venninnene Susanne og Rea hadde ho vore med på karatetrening i hallen saman med karategruppa frå Øvrebygda. Marie trenar karate til vanleg og synes det var kjekt å ha det på KRIK. Rea hadde berre sett på treninga, medan Susanne kom rett til maten.

Med eigen ungdomspris på gryteretten kunne ungdomane spandera på seg mange porsjonar og det vart nesten skrapt i dei store grytene til Nobu.

-Det var godt og no er eg endeleg mett, kom det oppriktig frå John Ruben etter at han hadde skrapt tallerken sin for fjerde og siste gong.

Laurdag føremiddag vert det nytt høve til å kjenna på framande smakar. På Spar skal det då delast ut gratis smaksprøvar av rettar frå Serbia, Montenegro, Polen, Latvia, Island, Argentina, Bulgaria, Thailand, Cuba Fillipinane og Noreg. Og ein skal ikkje sjå vekk frå at ein treff Nobu og curry-gryta hans der og.