Tirsdag 23. Januar 2018


Gode tonar

Femten jenter og ein gut frå kulturskulen leverde ein strålande flott foajekonsert, full av gode tonar, torsdag kveld.

Dei femti frammøtte i foajeen i Fitjar kultur- og idrettsbygg fekk ein intim og variert konsert med flinke song-, gitar- og pianoelevar og ein svært stødig fiolin-elev.

Det var 3. klassingen Andrea Brakedal som fekk æra av å opna konserten, med ein vikingsong, på piano. Ei stødig opning som sette standaren for resten av framføringane. Dei andre pianistane; Maria Prestbø, Nora Marie Hellesund, Sofie Rimmereid og Marte Rimmereid, viste og at dei beherskar instrumentet sitt godt og er i godt utvikling. Guro Rimmereid, som er inne i sitt 8. år som pianoelev, fekk publikum til å spissa øyrene ekstra og verkeleg forstå kva ein kan få til dersom ein øver jamt og trutt i år etter år, då ho framførde det avanserte og leikne Grieg-stykket Jølstring.

Eit av høgdepunkta under konserten var å få høyra dei ferske songelevane i aksjon for første gong, under leiing av songlærar Ole Andre Westerheim. Både Martine P. Korsvik og Emilie I. Skram som song "Annie's song" og Thea Træet og Mari Hatlevik som song "Gje meg handa di , ven", kom svært godt frå det. Dei meir røynde song-elevane Marie Oma og Silje Rydland som akkompagnerte seg sjølv på piano fekk med det synt at dei både har talent og klarer å stå heilt på eigne bein.

Romante Zemgulite og  Oda Volden de Fine spelar gitar i kulturskulen og akkompagnert flott og stødig til gitarlærar Jonas S. Olsen sin song.

To ekstra kjekke innslag denne kvelden var Eirin M. Oma sin flotte fiolinversjon av "Tir na noir", framførd utan notar, og einaste hane i korga, Ole Andre Stokken, som spelte til "Liten fuggel" på gitar. Ole Andre har vore gitarelev nokre år allereie og briljerte med flott vekselbass under sitt akkompagnement. 

Den gode variasjonen av nybegynnarar og meir erfarne musikkelevar var med på å gjera konserten ekstra kjekk og spennande og me gler oss til å høyra fleire gode tonar frå denne flinke gjengen.

Kulturskulen føl skuleåret, så når no skulen tek haustferie i veke 41 så er det og haustferie frå undervisinga i kulturskulen.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Marius Pedersen vann Norna-lekene på kna…

22.01.2018 Kjetil Rydland

Marius Pedersen, friidrettsgut i rivande utvikling, vann Norna-lekene suverent. Foto: FP-arkiv/Kjetil Rydland. Marius Pedersen vann Norna-lekene på knalltid! Under Norna-lekene i Åsane i helga vann Marius Pedersen både lengde og 60 meter...

Les meir ...

Ailin årets bilcrossutøvar i NMK Vikedal

22.01.2018 Kjetil Rydland

Ailin Vik med premien for årets bilcrossutøvar i NMK Vikedal 2017. Foto: Ole Vidar Helland, Fitjar Racing Team.  Ailin årets bilcrossutøvar i NMK Vikedal Under årsmøtet til NMK Vikedal i helga blei...

Les meir ...

Full fest med Vassendgutane

21.01.2018 Kjetil Rydland

Vokalist og bassgitarist Sindre Aam var i storform på Fitjar i går kveld. Foto: Kjetil Rydland.  Full fest med Vassendgutane Vassendgutane var i storform i går kveld og trekte heile 750 festglade...

Les meir ...
annonse

Temakveld med Bente Bratlund

21.01.2018 Kjetil Rydland

Bente Bratlund kjem til Fitjar.  Temakveld med Bente Bratlund Førstkomande torsdag er det temakveld i kyrkja igjen, og denne gongen kan Eli Simonsen ønskja velkomen til eit møte med forfattaren Bente Bratlund frå...

Les meir ...

Fine skiløyper, varme pølser og god stem…

20.01.2018 Kjetil Rydland

Klara Olsen Aadland på åtte år i fin stil saman med mor si, Helga, på veg oppover mot Svartavatnet. Foto: Kjetil Rydland.  Fine skiløyper, varme pølser og god stemning Fitjarfjellet lokka med...

Les meir ...

Debuterte med utstilling i Galleri Losje…

20.01.2018 Kjetil Rydland

Brenda Mata debuterte med utstilling i Galleri Losjen i dag, her saman med musikaren Juan Carlos Moromenacho Marquez frå Equador. Foto: Kjetil Rydland. Debuterte med utstilling i Galleri Losjen Brenda Mata debuterte...

Les meir ...
annonse