Frelsesarme-musikk i sentrum

Under banneret Suppe Såpe Frelse fylte ein gjeng frå Stord korps for første gong Fitjar sentrum med Frelsesarme-tonar.

Gunnar'n har selt Krigsropet på Fitjar mange gongar og fleire i songflokken har vore med på innsamlingsaksjonar der dei har gått frå dør til dør i Fitjar, men ingen av dei har vore med på å gjera det på denne måten utanfor Varehuset til Larsen. Laurdag føremiddag stilte dei opp, meir eller mindre uniformerte, med gitarar, glade frelsesarme-røyster og eit kjent evangelisk songrepertoar. Samstundes som dei song samla dei inn pengar til Frelsesarmeen si årlege landsinnsamling som finn stad i september kvart år. 

Folk såg ut til å vera positive til det musikalske innslaget. Mange stoppa opp, lytta til songen og putta pengar på bøssa.

- Me har berre fått postive tilbakemelding, seier ein smilande Gunnar Ingebrigtsen.

- Ja, og skulle no berre mangla med ein så positiv gjeng, fortset frelsessoldaten og ser på korpsleiar Tove Sæhle og dei andre som står klar til å stemma i ein ny song. .