Undra seg i kyrkja

Hoppande, sprettande og smånervøse inntok ein stor flokk 4-åringar Fitjar kyrkje laurdag føremiddag.

Omkring 25 fireåringar takka ja til invitasjonen om å delta på undretur i kyrkja, der dei fekk bli kjend med både huset og nokre av folka som jobbar der. Dei var beskjedne og forsiktige i starten, men etter å ha fått omvising på kyrkjegarden, sett film av klokkene i tårnet, spelt på orgelet, sjekka utsikten frå talarstolen og delteke på mini-søndagsskule i kyrkjestova vart dei godt husvarme, slik målet med turen var.

- Det luktar bollar!, ropte ein glad 4-åring etter at rundturen var over. Samlinga i kyrkja vart avslutta med bollar og saft, litt song og informasjon om morgondagen. Det er mykje å undersøkja og undra seg over i kyrkja og det har vore ein kjekk dag, sa 4-åringane etterpå. På veg ut gler dei seg allereie til å koma tilbake til søndag føremiddag for å delta på gudstenesta då og å motta 4-årsboka. 

Biletserie frå Gruppe Gul sin oppdagelsestur i og omkring Fitjar kyrkje:

20130928 undretur Foto Helga Rimmereid

Gruppe Gul med Eldrid Fitjar, Joakim Knapstad Bakke og Gustav Ahrens Helland med foreldre følgjer etter kyrkjeverge Harald Johan Sandvik rundt kyrkja til redskapshuset.

 

20130928 Undretur Foto Helga Rimmereid1

Gustav Ahrens Helland visste at dei hadde gravemaskin på kyrkjegarden og syntes det var stas å få prøvesitta den.

 

20130928 Undretur Foto Helga Rimmereid2

Spende 4-åringa ser på "live-film" av kyrkjeklokkene som ringjer i det høge tårnet samstundes som dei høyrer den sterke lyden dei lagar.

 

20130928 Undretur Foto Helga Rimmereid3

Eldrid Fitjar spelte Bæ-bæ lille lam på kyrkjeorgelet saman med organist Harald Rydland medan Maren Rydland høyrde på. Etterpå song Eldrid fint til då Harald spelte Min båt er så liten på det store instrumentet.

 

20130928 Undretur Foto Helga Rimmereid5

Gustav Ahrens Helland og Eldrid Fitjar naut utsikten frå den høge talarstolen saman med gruppeleiar Arnt Helland.

 

20130928 Undretur Foto Helga Rimmereid6

Eldrid Fitjar tende lys saman med kyrkjelydsprest Nobukzu Imazu.

 

20130928 Undretur Foto Helga Rimmereid7

Joakim Knapstad Bakke syntes det var spennande å studera modellen av den gamle kyrkja som var på Fitjar tidlegare.

 

20130928 Undretur Foto Helga Rimmereid8

På mini-søndagsskulen i kyrkjestova fortalde Torunn K. Aarskog om Jesus som tok imot dei små ungane.

Alle foto: Helga Rimmereid