Tirsdag 16. Januar 2018


Kokkeglede

13 ungdomar og vaksne deltok på NFU sitt aller første kokkekurs, som vart arrangert på Fitjar i helga. Det vart ei svært vellukka kurshelg med positive kursdeltakarar, mykje glede og svært flott, god og sunn mat.

Det var varmt og hektisk aktivitet på kjøkenet på Fitjar vidaregåande skule i mange timar både laurdag og søndag. Som initiativtakar og kurshaldar Ronald Hareid sa; dette er langt frå ein kvileheim. Men det harde arbeidet og den djupe konsentrasjonen vart friska opp med latter, glede og liv, oppmuntrande ord, klemmar og nokre kyss. Samstundes som det vart  trylla fram dei lekraste rettar, som laurdag resulterte i ein flott middagsbuffe inkludert dessert og søndag ein flott 3-rettars.

Sjefskokk Hareide og kokkelærarane Liv-Karin Karlsen og Margareth Tislevoll frå Fitjar vidaregåande skule skrytte av kursdeltakarane. Hareide syntes elevane hadde vore lydhøyre og svært flinke og sa at den maten dei hadde laga kunne dei ha servert til kven det enn måtte vera i heile Noregs land. Men så var det ikkje alle og kvar mann i Noregs land som skulle få  nyta festmåltida, men kursdeltakarane sjølv, dei tre kokke-lærarane, dei 5 følgjepersonar og ein heldig reporter frå Fitjarposten. Måltida var ei nyting frå ende til annan, både for auga og for ganen. Og kursdeltakarane var samde om at sjeldan har mat smakt så godt. Ikkje ein gong då dei gjekk til duk og dekka bord på hotellet laurdag kveld, kunne dei fortelja.

- Men det sa me ikkje til dei på hotellet, for det var jo godt det me fekk der og, sjølv om det ikkje var slik som det me hadde laga sjølv.

NFU står for Norsk Forbund for Utviklingshemma, og det var NFU Hordaland med leiar Geir Tore Søreide som arrangerte kurset, med god hjelp av kokk og lokallagsleiar Ronald Hareide.

- Målet med kurset er at kursdeltakarane skal læra å laga sunn og god mat, fortel Søreide, og peikar på at lokalitetane på Fitjar er perfekte med hotellet der dei overnattar og kan ha det sosialt og kjekt saman, og så kort veg til Fitjar vidaregåande skule med gode kjøkenfasilitetar.

- Det er viktig å læra å laga god og sunn mat, og mange har teke kontakt om dette, særleg mødre til ungar med utviklingshemming, seier Geir Tore.

Kurset rettar seg hovudsakleg mot dei som skal flytta, eller som har flytta, inn i eigen bolig. Mange av desse har lett for å gå for lettvinte løysingar og treng hjelp og inspirasjon til å laga mat sjølv.

-Med dette kurset vil me gje dei gode haldningar til mat og matlaging. Maten skal lagast av enkle råvarer som finnes i alle daglegvarebutikkar. Ja, og så er det sosiale og svært viktig, fortset Geir Tore, som sjølv har ein son som deltek på kurset.

Kursdeltakarane kjem frå Etne i sør til Askøy i nord. Den yngste er 17 år, den eldste godt over 40. Nokre få har fylgje med seg medan dei fleste har kome reisande hit åleine. 

Runar S. Søreide synes det har vore stas å ha dette kurset på heimplassen sin Fitjar. 

-Det kjekkaste har vore å laga mat, få ny venner og å ha med meg kjæresten min her på kurset, fortel 21-åringen som til vanleg jobbar på Rema 1000 på Fitjar to dagar i veka og går på vidaregåande tre dagar i veka. 

Runar likte aller best potetpure-suppa, men fortel at dersom han skal laga mat til vennene sine så vil han helst gå for sjokoladebollar, slik han lagde søndag.

Både foreldre og kokkar synes det er ei skam at det aldri før har blitt arrangert slike matlagingskurs for denne gruppa og Søreide og Hareide arrangerer meir enn gjerne fleire slike kurs på Fitjar.

Då den flotte søndagsmiddagen vart avslutta med heimelaga sjokoladepudding flott dandert i cocktail-glas, servert saman med eit kyss på kinnet, ja då smelta journalisthjarta og eg kjende at dette måltidet kan eg leva lenge på. Og medan eg god og mett pakka kamera og blokk ned i veska mi, pakka kursdeltakarane skitne forkle, nye kokkeknivar og ferske kokkebevis i bagasjen sin og sette kursen heimover, med sjølvlaga påsmurde baguettar som niste.

20130914 Kokkekurs HR09

Bak frå venstre: Ørjan Wold, Trygve Holgersen, Geir Tore Søreide (NFU Hordaland/kursleiar), Ole Haugen, Andreas Bergsvåg, Vanja Mikkelsen, Mathilde Falch, Runar Søreide Skogedal, Kristian Ask, Margareth TIslevoll (kokkelærar), Ronald Hareide (kokk og kursleiar), Svenn-Rune Tøkje, Roar Garvik.
Framme: Alexander Hovin, Ingrid Håvardsholm, Truls Håland Eide, Liv-Karin Karlsen (kokkelærar)

 

 

 

 

 

 

Fitjar kino klar for premiere!

14.01.2018 Kjetil Rydland

Den nye maskinen er på det nærmaste klar til å visa film i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Foto: Kjetil Rydland.  Fitjar kino klar for premiere! Ole Bergesen ved Fitjar kultur- og idrettsbygg fortel...

Les meir ...

Badesesongen i full gang

14.01.2018 Kjetil Rydland

Ikkje akkurat Syden, men Leander Træet slappar av i bassenget. Foto: Kjetil Rydland.  Badesesongen i full gang Bassenget på Rimbareid skule er ope for ålmenta kvar måndag, bortsett frå i skuleferiane. 

Les meir ...

Zumbafeberen herjar igjen!

14.01.2018 Kjetil Rydland

Spreke damer på zumbamaraton i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Foto: Trude Strand. Zumbafeberen herjar igjen! I dag har over 30 spreke damer gjennomført ein tre timars zumbamaraton, den første i på Fitjar...

Les meir ...
annonse
annonse

Vipe på Fitjar i dag!

13.01.2018 Kjetil Rydland

Vipa er ein flott fugl. Foto: FP-arkiv/KR.  Vipe på Fitjar i dag! I dag fekk Fitjarposten årets første melding om at det er observert vipe på Fitjar.

Les meir ...

Handballjubel

13.01.2018 Kjetil Rydland

  Jentelaget til Fitjar jublar etter siger over Sotra Foldnes 2. Foto: Kjetil Rydland.  Handballjubel  Fitjar IL var vertskap for eit solid knippe handballag i dag, og dei som ikkje kom seg ut i det...

Les meir ...

Vassendgutane klare for årets storkonser…

12.01.2018 Jonas Sætre

Vassendgutane klare for årets storkonsert på Fitjar Førre gong Vassendgutane vitja Fitjar møtte heile 800 opp til konsert. Det svarar til over ein fjerdedel av alle innbyggjarane i kommunen.

Les meir ...
annonse