Flotte, høge solsikker

Leif Helland Hovstad har dyrka fram to flotte solsikker som måler heile 2,75 cm.

Leif er glad i blomar, og mange ulike slag blømer i den vesle hagen han har framfor leiligheten sin i Havnahuset. Men ingen blomar, verken i Leif sin hage eller i dei andre hagane kan måla seg med dei to flotte solsikkene som har vakse heilt opp til altanen i andre høgda, og står der og lyser opp med sine store gule blomar. 

- Kva er løyndomen bak å få til så store flotte solsikker, Leif?

- Nei, ikkje spør meg, svarer hobby-gartnaren, eg har berre gitt dei litt gjødsel og så vatna dei kvar kveld.

Ja, svært trufast med gjødsel og vatn må han ha vore, for slike prakteksemplar gjer seg ikkje sjølv.

Det er ikkje berre dei ekstraordinære solsikkene til Leif'`en som lyser opp langs sjøsida framom Havnahuset. Kvar leiligheit har fått flotte gjerde mellom hagane, det er laga til kjekk uteplass, ein fin gamal trebåt er fylt til randa med blomar, og siste trivselstiltak er eit flott kvitt lysthus, som er blitt oppført med støtte frå Fitjar kraftlag og dugnadsinnsats frå dei tilsette.

- Huset er heilt nytt og me har berre rukke å bruka det ein gong enno, kan Leif fortelja.

Det høyres ut som han gler seg til mange kjekke stunder i lysthuset framover, saman med dei andre bebuarane i sokkeletasjen i Havnahuset. I lysthuset kan ein nyta den flotte utsikten og ein god kaffikopp, i allslags ver.

Har du klard å dyrka høgare solsikker enn Leif er det kjekt om du vil dela bilete av dei med Fitjarposten sine lesarar. Send gjerne bilete med namn på gartnaren og høgde på blomen til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.