Hanen og hønene best

Haustens første quiz-runde på hotellet var så jamn at det måtte ekstra spørsmål til for å kåra eit vinnarlag. Med knapp margin var det dei kaklande hønene, og hanen frå Hogste, som stakk av med sigeren. 

Dette er den andre sesongen med quiz-kveldar på Fitjar fjordhotell, og omkring 60 frammøtte fordelte seg på 11 lag med mellom 6 og 3 deltakarar på kvart . To omgongar à 15 spørsmål pluss eit bilde-quiz-ark stod på programmet. Oppgåvene var varierte og krevjande, godt førebudde og leia av Geir Bjarte Hatlevik, med hjelp av Anne Marie Larsen. 

Kveldens quize-runde var den første i ein serie på 5 rundar, der laga kan samla poeng og konkurrera om å vinna heile serien. Men det vert og kåra ein vinnar kvar kveld, som får deltakar-potten i premie. 

Damene på kveldens vinnarlag la ikkje skjul på at det å vinna ikkje er ukjent for dei og at dei siktar mot toppen. Dei meiner at laget nærast er uslåeleg, sjølv om dei ser på Fitjar mek-gjengen og Siglo-laget som svært kunnskapsrike og farlege konkurrentar. 

Siglo-laget, som ikkje hadde full kontroll på alle geografi-spørsmåla denne kvelden, vart slått på målstreken av Hanen og hønene. Om dei ikkje var heilt nøgde med plasseringa, fekk dei etterlengta og god pizza i premie. Gjengen frå Fitjar mekaniske markert seg og sterkt, både på papiret og i lokalet,  og deira tredje plass resulterte og i gratis pizza til laget.

Dei som ikkje nådde opp til sigerspallen og som syntes spørsmåla var i vanskelegaste laget, sa at dei likevel hadde hatt ein kjekk og sosial kveld. Konkurransen vart utgangspunkt for mange spennande diskusjonar og har dei ikkje klard å bli fortrulege med fasiten og domaren sine avgjerder endå, så sit dei framleis der på hotellet; "googlar" og diskuterer namn og årstal...

Neste quiz-kveld vert fredag 4. oktober.