Tirsdag 23. Januar 2018


Trekte fullt hus

Det var stappfullt då Sigvart Dagsland med band tjuvstarta Fitjarfestivalen med ein flott konsert i kyrkja torsdag kveld.

Det var reine julaftan-stemning i Fitjar kyrkje då publikum måtte trykkja seg godt saman i benkeradene for at alle som ville inn skulle få plass. Og konserten vart ein fantastisk flott start på årets Fitjarfestival.

- Eg digga dette, smilte ei strålande nøgd leiar i festivalkomiteen Ann-Sofie Drønen etter konserten, dette var ein knallstart på festivalhelga.
Og ho var langt frå den einaste som syntes det. Dagsland er ein kjent og kjær artist og folk visste si besøkjelsestid. Over tre hundre publikumarar fekk med seg konserten og dei fleste smilte like breitt som festivalsjefen, etter nesten to timar med pop, salmer, viser og blues i kyrkja.  

"Timing" er det som er viktigast for ein artist, sa han som er mest kjend for songar brukt i bryllaup og gravferder og som har kalla bandet sitt "Sigvarts Bryllups- og Begravelsesorkester."  Og konserten var "tima og tilrettelagt". Dagsland starta roleg og lavmælt, med fleire djupe tekstar om livet mellom anna i "Naken hud" og "Sangen om gleden". Etter kvart song artisten og bandet både seg sjølv og kyrkja varm, og songstjerna frå Stokka i Stavanger heva røysta kraftig då han song for dei som lir usynleg, i "En stemme for de stemmeløse". Heilt klart eit av fleire høgdepunkt.

Bandet, som verkeleg var med på å heva konserten, bestod av tre av dei ni medlemmene i orkesteret til Dagsland: Hildegunn Garnes Reigstad på perkusjon og vokal, Ingelin Reigstad Nordheim på gitar og vokal og Torjus Vierli på tangentinstrument og vokal. Lyden, som vart styrt av Helge Lervik, var bra, og lyssettinga var flott og kledde både konserten og kyrkja.

Trygve Bjerkreim sin song Det er makt i de foldede hender, som høyrer heime på Salmeplata til Dagsland, vart framførd passande roleg og vart. Med enkelt pianoakkompagnert av Torjus og med lilla ventefarge-lys som bakgrunn i koret kom songen tydeleg fram. Sjølv om folk sat tett og kyrkja var varm var det så stille at ein i tillegg til å høyra dei mektige orda kunne høyra sin eigen pust eller ei knappenål som falt mot kyrkjegolvet. Og då siste tone ebba ut vart den hengande lenge og andektig i lufta, og det vart ein lang kunstpause før publikum braut ut i stor applaus. Denne songen var heilt tydeleg eit høgdepunkt for mange. 

Dagsland har starta tekst-samarbeid med Mike McUrk, som er busett på Bømlo, og nokre av songane dei har skapt saman var med på konserten, mellom anna "Deprimert".  Musikken høyrdes framleis Dagslandsk ut, men kanskje litt meir svingande, og tekstane hadde eit litt anna preg enn dei "tradisjonelle" Sigvart-songane.

Konserten vart avslutta med ekstranummeret Alt eg såg, ein av Dagsland sine aller flottaste songar. Ein song som lever sitt eige liv og som ein møter mange stader, men som det er ekstra stas å oppleva komponisten sjølv framføra.

At artisten tok seg tid til å signera cd-ar og prata litt med folk etterpå vart ein ekstra bonus for dei som tok seg tid til å stå i kø for å kjøpa med seg noko av Dagsland sin musikk heim. Hovudartisten sjølv syntes det var veldig gøy å syngja på Fitjar igjen. Det var kjekt å spela saman med denne gjengen igjen, det var eit kjekt publikum og det var kjekt å vera på Fitjar, sa han etter konserten. Og for at minnet om konserten og Fitjar ikkje skal gå i gløymeboka med det same fekk han og bandet med seg heim både ei lukt og ein smak av Fitjar, i form av Fitjar-såper og Fitjar-bringebær.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Meiner ølbryggeriet på Fitjar bryt forbo…

22.01.2018 Jonas Sætre

Meiner ølbryggeriet på Fitjar bryt forbodet mot alkoholreklame Fitjar kommune meiner ølbryggeriet En Liten Øl publiserer ulovleg alkoholreklame på Facebook.

Les meir ...

Marius Pedersen vann Norna-lekene på kna…

22.01.2018 Kjetil Rydland

Marius Pedersen, friidrettsgut i rivande utvikling, vann Norna-lekene suverent. Foto: FP-arkiv/Kjetil Rydland. Marius Pedersen vann Norna-lekene på knalltid! Under Norna-lekene i Åsane i helga vann Marius Pedersen både lengde og 60 meter...

Les meir ...

Ailin årets bilcrossutøvar i NMK Vikedal

22.01.2018 Kjetil Rydland

Ailin Vik med premien for årets bilcrossutøvar i NMK Vikedal 2017. Foto: Ole Vidar Helland, Fitjar Racing Team.  Ailin årets bilcrossutøvar i NMK Vikedal Under årsmøtet til NMK Vikedal i helga blei...

Les meir ...
annonse

Full fest med Vassendgutane

21.01.2018 Kjetil Rydland

Vokalist og bassgitarist Sindre Aam var i storform på Fitjar i går kveld. Foto: Kjetil Rydland.  Full fest med Vassendgutane Vassendgutane var i storform i går kveld og trekte heile 750 festglade...

Les meir ...

Temakveld med Bente Bratlund

21.01.2018 Kjetil Rydland

Bente Bratlund kjem til Fitjar.  Temakveld med Bente Bratlund Førstkomande torsdag er det temakveld i kyrkja igjen, og denne gongen kan Eli Simonsen ønskja velkomen til eit møte med forfattaren Bente Bratlund frå...

Les meir ...

Fine skiløyper, varme pølser og god stem…

20.01.2018 Kjetil Rydland

Klara Olsen Aadland på åtte år i fin stil saman med mor si, Helga, på veg oppover mot Svartavatnet. Foto: Kjetil Rydland.  Fine skiløyper, varme pølser og god stemning Fitjarfjellet lokka med...

Les meir ...
annonse

VM-bronse til Onar

22.01.2018 Kjetil Rydland

Brørne Harald og Onar Westerheim på skeisebanen i Baselga. Foto: Privat.  VM-bronse til Onar Westerheim-brørne Onar og Harald Westerheim gjorde ein sterk innsats under skeise-VM for veteranar i Italia, og Onar sikra...

Les meir ...