Torsdag 19. April 2018


Humoristisk søndagsbloggar

Blogging er veldig inn for tida og du finn bloggarar i nesten kvar ein krok. På det rosa jenterommet, i kjøkenet, på treningsrommet og i hagen sit dei og skriv, og legg dagboka si ut på den store verdsveven.

Kjendisar bloggar. Politikarar bloggar. Ingvild bloggar om interiør, handarbeid og familien i Skåleviktoppen , Marit bloggar om hage, hus og høner på Solsiden, Kjerstin bloggar om scrapping på Kjerstins scrappeverden , Bård Inge bloggar om familielivet, vedhogging og springing og Tommy og Ingelill bloggar om mat og lokale råvarer på Eidens hage. Fleire lag, slik som Sunnhordland padleklubb bloggar om aktiviten sin. Fitjar friidrett bloggar om trening og statisikk, og på deira blogg kan mange spreke fitjarbuar finna namnet sitt. Og ved kjøkenbordet i Bakken sit John Arvid Skumnes kvar søndag, med kaffikoppen, pc-en, eit litt skeivt syn på livet og bloggar om katten, anatomi, fjellet, hotellovernatting og å bli eit bedre menneske.

Temaa er mange og varierte, men alle innlegga i søndagsbloggen har eit visst humoristisk innslag, førd i pennen, eller rettare sagt trykt på tastaturet, av ein mann i sin beste alder, midt i livet. Han er rimeleg fersk. Starta blogginga i mars i år, og har satt seg som mål å halda på i 52 veker. Han skriv slik han snakkar, ja slik dei snakkar ute på Nese. Det er det som er naturleg for han, sjølv om det gjev mange raude strekar i worden, og han fryktar mange norsklærarar gremmer seg, men dette er hans stil. Han er vakse opp i utkant-Fitjar, på Skumsnes, men har ingen mein av det, anna enn ein sprudlande fantasi. Etter at han slapp taket i handa hennar mor har han kjent på mange slags vestlandsvindar under vengene før han som godt vaksen kar kom attende til Fitjar og busette seg nederst i Bakken. Han likar å skriva og synes det er gøy å skriva om ting som ikkje er så alvorleg.

Kvar ideen om å starta blogg kom frå veit han ikkje heilt. Han starta først litt forsiktig med skriving av tekstar på facebook. Så tenkte han på twitter, der mange likar å uttala seg, men der fekk han bruka for få ord, så då prøvde han seg heller på blogging. Det er gratis og du får sei så mykje du vil og kva du vil, så det passa John Arvid perfekt. Han har funne sin eigen stil og hermar ikkje etter nokon, og når han no først har starta kan han ikkje stoppa, i alle fall ikkje før dei 52 vekene er gått. Og så er det litt gøy å koma med på 20 på topp lista til blogg norge, må han medgi med eit smil. 11. plass sist veke. 10. plass denne veka. Det inspirerer til vidare skriving.

Søndag 3. juni skreiv han denne teksten ved frokostbordet: 

"Her ein dag fekk eg da for meg å skjekka ut nokre myter på samme måte som «Mythbuster» på fjernsynet for da såg so gøy ut. Da er jo så mange myta å ta av at det sku ikkje vera vanskeligt å velja, eg nevne i fleng… og monge med da. Tilslutt havna da på om korvidt ei brødskjeva med smør som du mysse sånn heilt uforvarande ned frå frukostbordet alltid landa med smørsio ned. Eg smorde ti skjeve og myste alle uforvarande frå bordet i stovo og trur du ikkje at adle landa med smørsio ned, so den myten e sann. Men da va ett svare strev med vaska golvet ittepå. De e so vanskeligt å begynna med ting… da e da so e problemet mitt …ett av dei i alle fall (i tileg te retskrivning), so eg håpa golvet blir vaska omsider. Så såg eg naboen sin katt luska omkring nåvene og då fekk eg ein ide. Katta landa so dåke veit alltid med beino fyst og da e tidligare forska på ka høyde som e da ideella å kasta ein katt i frå slik at han landa på beina og då har di funne ut at da e frå 4 etasje. Då tenkte eg å kombinera dei to mytene. Altso eg tok ei brødskjeva med masse meierismør på og festa på ryggjen te naboen sin katt og heiv han utforbi 4 etasje. Han landa på sio."

Det blir nærliggjande å spørja om alt han skriv er sant og sjølvopplevd.

- Nja, han klør seg på haka, smiler og seier det er veldig varierande kor nært opp til verkelegheiten det han skriv er.

- Eg set jo ting på spissen. Noko er sjølvopplevd. Noko er fantasi og mykje er ei god blanding. Men alt har sitt opphav i verkelegheiten på eit eller anna vis. 

Han står fram med fullt namn og håpar han ikkje fornærmar nokon med det han skriv.

Til vanleg jobbar han som radiograf på sjukehuset på Stord, og så lenge blogginga ikkje går ut over jobben og han har fleire idear slik at han ikkje treng gjenta seg sjølv, så er det ikkje sikkert han gir seg med blogginga etter 52 innlegg. Men han har fleire hobbyar. Stova er full av flotte maleri, signert bloggaren sjølv. Kva som gjev best rekreasjon av maling og skriving gløymde eg å spørja om, men eg forstod såpass at han meiner alt har si tid. Malinga høyrer dei mørke vinterkveldane til. Blogginga høyrer saman med den lange, late søndagsfrokosten med egg og loffskjever med plommesyltetøy. Og ny inspirasjon dukkar stadig opp. Av og til skal det ikkje meir til enn å trykka på on-knappen på pc-en. Om han sjølv beskriv tekstane sine som usaklege, så ligg det ein liten snert av alvor i det meste han skriv. Han er både politisk- og samfunnsengasjert, men meiner det ikkje er alt som høyrer heime i bloggverda. Og skal du vera useriøs, så må du vera det til gagns, seier John Arvid, så ingen er i tvil. Og det prøver han å vera både i bloggverda, og i politikken.

Bloggen til John Arvid kan du besøkja her og her. 

Bli med til Kvinnherad på bygdekvinnestr…

18.04.2018 Kjetil Rydland

Bjørg Strømme og bygdekvinnene har mange jern i elden. Foto: FP-arkiv/KR.  Bli med til Kvinnherad på bygdekvinnestreif  Bli med på bygdekvinnestreif i Omvikdalen 28. april, oppmodar Bjørg Strømme i ei pressemelding.

Les meir ...

Jenter med vinnarvilje!

17.04.2018 Kjetil Rydland

Lagkaptein Marion Træet og Siren Vik hadde god kontroll på midtbanen. Foto: Kjetil Rydland.  Jenter med vinnarvilje! I det sure regnet tysdag kveld var det Fitjar-jentene som viste både mest vilje og...

Les meir ...

Kjem du på Strandabasaren komande laurda…

17.04.2018 Kjetil Rydland

Fullt hus i Stranda bedehus på ein tidlegare Strandabasar. Foto: FP-arkiv/HCH.  Kjem du på Strandabasaren komande laurdag? Laurdag 21. april kl. 16.00 er det klart for ny basar i Stranda bedehus, og...

Les meir ...
annonse

Fitjar Idrettslag saknar fana si

17.04.2018 Kjetil Rydland

Slik ser den flotte fana til Fitjar Idrettslag ut, i alle høve såg ho slik ut då Fitjarposten tok dette biletet i mai 2012. Foto: FP-arkiv/KR.  Fitjar Idrettslag saknar fana si Dagleg...

Les meir ...

Øvrebygda-rektoren vil skifta skule

17.04.2018 Jonas

Øvrebygda-rektoren vil skifta skule Rektor ved Øvrebygda skule, Sigbjørn Aarland, er ein av fire søkjarar til stillinga som rektor ved Rimbareid skule.

Les meir ...

Hjartestartarar på ferjene til Fjord1

17.04.2018 Kjetil Rydland

F.v. HR-leiar i Fjord1, Cicilie Færestrand, maritim leiar Stig Hestetræet i Nordic Fire & Safety AS, og Monica Nyheim i verne- og miljøutvalet i Fjord1. Hjartestartarar på ferjene til Fjord1 Alle ferjene...

Les meir ...
annonse

Den nye rådmannen i Fitjar er på plass

18.04.2018 Harald Johan Sandvik

Den nye rådmannen i Fitjar er på plass Olaug Haugen er ny rådmann i Fitjar. Foto: Harald Johan Sandvik Påtroppande rådmann Olaug Haugen var med på sitt første politiske møte i Fitjar...

Les meir ...
annonse